Sport | 18. mars 2018

Skåra sine fire (!) første for landslaget

Madelen Koldal Holme storspeler for Noreg i Serbia.

Skåra sine fire (!) første for landslaget
Madelen Koldal Holme har skåra fire mål etter å ha spelt 69 + 11 minutt i Serbia. (Foto: Thomas B. Sæteren, NFF)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. mars 2018 09:19

I fjor fekk Madelen Koldal Holme (Sandviken/tidlegare Lysekloster) landslagsdebuten sin og spelte til saman fire kampar for J15 med flagg på brystet.

Den talentfulle angrepsspelaren var sjuk i debuten, to kampar mot Sverige (2-1 og 0-0) i september, og var ikkje heilt nøgd med eigne prestasjonar. Ho fekk heller ikkje nettkjenning i dei to neste mot Belgia i november (begge endte 1-1).

– No er ho veldig glad, seier pappa Kjell Holme, som har blitt med for å sjå dottera spela landskampar i Serbia.

I UEFA Development Tournament i Serbia har det nemleg blitt to mål i to kampar på rad, i den eine spelte ho berre 11 minutt.

Skåra 2 mål på 7 minutt

Madelen spelte frå start og 69 av 80 minutt mot vertsnasjonen Serbia onsdag.

Kampen enda 6-0, Madelen skåra 3-0 og 4-0-målet.

Fredag var det tid for kamp nummer to, denne gjekk mot Slovenia. Andre enn Madelen fekk spela frå start, og Noreg leia 2-0 då ho i 69. minutt fekk koma innpå.

Holme brukte to minutt på å auka til 3-0, sju minutt seinare auka ho til 4-0, som blei sluttresultatet.

– Det er morosamt at ho lykkast og det er godt å veta at vi har ein så målfarleg spelar, seier landslagstrenar Børje Sørensen til fotball.no.

I dag speler Noreg tredje og siste kamp denne samlinga. Den går mot Tsjekkia.

OPPDATERT: Noreg slo Tjekkia - og ja; Madelen skåra to mål også i tredje og siste kamp i UEFA Development Tournament.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.