Sport | 02. mai 2009

Skarvatun er speleklar

Desse spelar frå start når Os møter Nordhordland laurdag ettermiddag.

Skarvatun er speleklar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. mai 2009 06:44

Os har opna serien med bortesiger (2-0 over Norheimsund) og heimetap (0-2 for Løv-Ham 2). I dag spelar dei bortekamp mot Nordhordland.
Nordhordland slo Trio 5-0 i serieopninga og tapte 1-2 for Voss på bortebane i førre runde.

- Os-spelarane var meir skuffa over tapet for Løv-Ham 2 enn eg hadde trudd. Med meir glød og intensitet skal vi i dag visa kvar skapet skal stå, seier trenar Frank Hellevik.

Startellevaren ser ganske lik ut som i førre kamp, men med enkelte forandringar.

- Tony Skarvatun spelar som høgre back frå start. Tony har halta seg gjennom vinteren, men har vore skadefri sidan før treningsleiren og prestert bra for Os 2.

Tony har hatt mykje speletid for Os dei siste tre åra, særleg i opprykksesongen og i 2007. I fjor måtte han kjempa litt med Anders Glesnes om plassen.

- I tillegg til å vera rask og duellsterk er Skarvatun engasjert og flink til å dirigera dei rundt seg. Debutanten Bjarte Jonassen gjorde ein kjempejobb på måndag, men eg kjem til å matcha dei yngste forsiktig, så han spelar for Os 2 denne helga.

Desse startar mot Nordhordland (4-3-3): Halvard Enes, Tony Skarvatun, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Vegard Leikvoll Moberg, Torkel Hjertnes, Stian Lunde, Christian Almeland, Andreas Bjørnen og Tim Henrik Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.