Lokal | 25. mai 2017

Skaut opp fyrverkeri i Ervikane

Politiet rykte ut då nokon skaut rakettar innover i skogen.

Skaut opp fyrverkeri i Ervikane
Politiet rykte ut til Ervikane etter melding om bruk av fyrverkeri onsdag kveld. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. mai 2017 06:55

Onsdag kveld, klokka 21.37, rykte politiet ut til Ervikane på Strøno etter melding om bruk av fyrverkeri.

– Det kom melding om at to menn skaut rakettar inn i skogen, fortel Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

I friluftsområdet Ervikane låg det 4-5 båtar ankra opp. På staden fekk dei veta at det var nokre gutar som hadde drive med fyrverkeri, og at dei gjekk frå staden.

Tidlegare i mai var det varsla om stor gras- og lyngbrannfare i Os. Bruk av fyrverkeri, utanom nyttårsaftan, må det uansett søkast om. Etter 15. april er det dessutan generelt forbod mot open eld i naturen.

Kvinne tatt i snittmåling

Onsdag blei det òg tatt ein fartssyndar. Politiet tok snittmåling på ein bil i ei 50-sone mellom Os og Halhjem.

Bilen køyrde i 63 km/t og føraren, ei kvinne i 50-åra, fekk eit forenkla forelegg.

Tysdag kom det to ulike meldingar om vinglete køyring. Den eine var ei kvinne som mista førarkortet, den andre var ein full mann.

Også onsdag kom det to meldingar om vinglete køyring. Den eine blei funnen ok, den andre blei ikkje funnen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.