Kultur | 20. apr. 2018

Skifta ut to favorittar og sleppte ny låt

I morgon skal han endeleg synga låt frå 70-talet, i dag sleppte Eirik sitt band Sipher singel nummer to frå det komande albumet.

Skifta ut to favorittar og sleppte ny låt
Eirik syng berre éin låt solo i morgon, men byr i tillegg på Queen-medley saman med to av dei andre deltakarane. (Foto: TV2/Espen Solli)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. apr. 2018 12:58

Osfest-aktuelle Eirik Søfteland skal i morgon på scenen i Nydalen igjen, i program nummer 7 er det ein liten milepæl, 70-talet er ein personleg favorittepoke for Eirik.

– I utgangspunktet skulle vi synga to låtar kvar i denne sendinga, det var likevel veldig vanskeleg å velja låt, seier Eirik til Midtsiden.

Betre blei det ikkje då dette blei endra; deltakarane skal berre synga éin låt kvar.

– Det enda med at eg valte ein heilt annan. Dei to eg i utgangspunktet hadde valt var ulike, og fine å ta same kveld. Når eg berre skal synga éin, måtte eg rett og slett ta noko anna.

Byr på ABBA og Queen i grupper

Eirik skal synga «Burn av Deep Purple». Han får likevel synga litt Queen i tillegg.

– Det er lagt inn nokre tilleggslåtar som vi skal synga saman. Elg og Frida skal synga ABBA-medley, eg, Daniel og Chris skal synga Queen.

– Eg gler meg nesten like mykje til å høyra Elg synga ABBA som til å synga sjølv, seier Eirik og ler.

Dette skal deltakarane synga solo:
Elg «Hotel California» av Eagles
Eirik «Burn» av Deep Purple
Chris «Tiny Dancer» av Elton John
Frida «At Seventeen» av Janis Ian
Daniel «Rock With You» av Michael Jackson

Ny singel frå komande debutalbum

Eirik sitt nye band Sipher fekk mykje ros for første singel, Atlas, frå albumet som kjem i juni.

I dag kom singel nummer to; Disco Aces.

– Det er kanskje ein spesiell tittel på ein låt frå eit rockeband, men den passar bra i forhold til kva eg syng om.

– Disco Aces handlar om den augneblinken der du går frå å omdanna adrenalin til handling, «gylne moves» som kjem når du verkeleg slepp deg laus.

Søfteland synest sjølv at Disco Aces blei ein ganske straight og fengande rockelåt, kanskje den mest «tilgjengelege» for det breie publikummet av låtane på det komande albumet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.