Ein flokk på rundt 19 gjess har slått seg ned i Mobergsvikjo (foto: Andris Hamre)

Skit ned Mobergsvikjo

Ein flokk gjess har slått seg ned i Mobergsvikjo. Med det kjem mengder avføring. I 2006 blei det så ille at ein måtte stengje den populære badeplassen.

image
image
image
Av: Andris Hamre

Midtsiden fekk tysdag ei frustrert melding frå ein lesar om at det låg mykje hundeskit i Mobergvikjo og at folk måtte bli flinkare til å plukke opp etter seg. Då vi tok turen for å ta bileter onsdag morgon, såg vi raskt kva problemet var.

Denne gangen er det ikkje hunder og eigarane deira som skal få skulda, men ein flokk gjess som har slått seg ned i den populære badeplassen.

Både på muren ned mot stranda og på grasbakken har gjessene gjort fra seg og gjort det relativt utriveleg.

Stengde vikjo i 2006

Det er Bergen og omland friluftsråd (BOF) som har fått driftsansvaret for det populære friluftsområdet i Os sentrum på vegne av kommunen.

I årsmeldinga frå 2006 kjem det fram at problemet då var så stort at ein, saman med kommunen, såg seg nøydd til å stenge området for badande og det blei satt opp skilt kor ein oppmoda born om å helde seg vekke.

– Det hender frå tid til anna at vi har slike problem i friluftsområda våre, fortel Gudrun Kristin Fatland hos BOF.

– Det vi då eventuelt kan gjera er å eventuelt sperre av områda der det er spesielt ille, men vi må nok berre leva med at fuglane naturleg høyrer til i naturen.

Produserer 600-700 gram avføring i døgnet

I følgje ulike rapportar produserer ei gås ekstrementer omlag ein gang kvart 4.-5. minutt og i løpet av eit døgn kan den produsera heile 600-700 gram avføring. Det er difor liten tvil om at fleire titals gjess kan legga igjen betydelege mengder avføring.

I forvaltningsplanen for gjess i Hordaland frå Fylkesmannen i Hordaland kjem det fram at det i 2007 var tre friluftsområder i Hordaland kor gjess blei rekna som eit problem.

– Òg i Mobergvika friområde har det vore utfordringar med tilskiting. Her er det grågjess som hekkar i Bjørnefjordsystemet som kjem i land, og held seg i friområdet, heiter det i rapporten.

Kan vera sjukdomsframkallande

I den same planen syner ein til at det er knytt usikkerheit kring kor sjukdomsframkallande bakteriar/parasittar frå avføringa kan vera, men ein slår fast at ein grunna usikkerheita bør vera aktsam.

– Bærum kommune har gjennomført prøvetaking av avføring og tarminnhald frå kanadagås for å undersøkje innhald av virus og bakteriar. Dei fann Campylobacter jejuni i 70% av gjessene. Dette er bakteriar som kan føre til diarè hjå menneske (Samuelsen m.fl. 2004). Òg Oslo kommune har tidlegare sendt inn ekskrementprøvar til analyse ved Veterinærinstituttet, men her fann ein ingen patogene (sjukdomsframkallande) bakteriar eller parasittar (Bø 1991).

– På grunn av at det alltid vil føreliggje eit visst usikkerheitsmoment omkring gjess og spreiing av sjukdomsframkallande bakteriar/parasittar, bør ein ha eit aktsamt fokus på denne problemstillinga i friområde rundt om i kommunane i Hordaland, skriv fylkesmannen i forvaltningsplanen.

For lite jakt

Fylkesmannen skreiv våren 2016 om ein aukande bestanddel av gås i Hordaland og problem denne skapar, spesielt for landbruket. I saka konkluderer ein med at ein ikkje klarer å ta ut tilstrekkelig antal fugl i jaktsesongen.

– Grågåsbestanden i Hordaland er i kraftig vekst. På 1980-90 talet var det berre sporadiske hekkingar på holmar og øyar på kysten, men no har gåsa mange stader også etablert seg som hekkefugl i nærleiken av meir jordbruksprega område.

– I dag har vi ein grovt estimert hekkebestand på omkring 850 par i Hordaland, noko som grovt utgjer ein haustbestand på om lag 5 500 individ. For å halde bestanden stabil kan det fellast om lag 30 prosent, men berre rundt 200 grågjess vert felt årleg dei siste åra i Hordaland. I 2015 vart talet auka til 280 fuglar.

Ordinær jakttid på gjess er 10. august til 23. desember, men gjess i Hordaland starter trekket tidleg i jaktsesongen.