Sport | 12. mai 2015

Skorpen skåra igjen

Etter 5 kampar, 4 av dei på bortebane, står Lysekloster framleis utan tap.

Skorpen skåra igjen
Preben Skorpen etter viktig nettkjenning i cupkvalik mot Bjarg. No har midtstopparen skåra to seriemål på fem rundar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. mai 2015 08:03

Den nye banen til Lysekloster er opna, og 3. divisjonslaget har hatt éin heimekamp (3-3 mot Brann 2).

I går spelte dei sin fjerde bortekamp, denne gong mot Fyllingsdalen 2, ein kamp dei snudde til siger.

Fyllingsdalen 2 - Lysekloster 3-4 (1-1)
Målskårarar, Lysekloster: Sindre Flaa, Joakim Hjelmeland, Tommy Gaustad og Preben Skorpen.

Lysekloster: Chris Midtun - Baste Jonassen, Aleksander Andersen, Sindre Flaa, Preben Borgen - Hans-Christian Nysæther, Espen Birkeland, Joakim Hjelmeland - Thomas Helland, Lars Henrik Skage og Tommy Gaustad.
Innbytarar med speletid: Ola Sjømæling, Kim André Liseth og Øystein Takle Eide.

– Førsteomgang var litt tam. Fyllingsdalen låg kompakt og vi var ikkje flinke nok til å strekka ut laget deira og finna opningar, meiner Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.

Heimelaget tok leiinga, men Flaa utlikna for Fjorden.

– I andre omgang varierte vi meir, og då blei det vanskeleg for Fyllingsdalen. På 2-4 burde vi ha sikra oss, vore litt meir kyniske, men vertane reduserte før slutt.

Giftige forsvarsspelarar

Det unge talentet Preben Skorpen, som i år er flytta frå back til midtforsvaret, skåra sitt andre seriemål på fem kampar. Han skåra også i cupkvalik mot Bjarg.

– Det er veldig kjekt med desse unge lokale spelarane som får det så godt til, både Preben og Øystein (Takle Eide). Preben er svært målfarlig til forsvarsspelar å vera.

Også høgrebacken til Lysekloster, Baste Jonassen, har skåra to mål til no.

Lysekloster ligg eitt poeng frå toppen av tabellen og har med 15 mål flest nettkjenningar i avdelinga til no.

Neste kamp går heime mot Arna-Bjørnar fredag (frå kl 19.00).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.