Sport | 13. juni 2010

Skremte serieleiaren

Os var frampå i starten av bortekampen mot Notodden, men kampen blei nærmast avgjort til pause.

Skremte serieleiaren
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. juni 2010 18:05

Notodden - Os: 4-0 (3-0)

Det var botn mot topp i 2. divisjon i dag. Notodden, som spelte i Adeccoligaen i fjor, leier tabellen med 21 poeng på ni kampar. Os, som spelte 3. divisjon i fjor, ligg nedst med 3 poeng på like mange kampar.

- Vi hadde bra kontroll det første kvarteret, og hadde blant anna stolpeskot både av Erik Kanestrøm og Daniel Kalstad, fortel Os-trenar Frank Hellevik.

- Om desse hadde gått inn så hadde nok kampen sett annleis ut, men det er langt frå sikkert at vi hadde vunne. Både rammene rundt kampen og laget vi møtte bar preg av at dei spelte i førstedivisjon i fjor. Individuelt viste spelarane veldig høgt nivå, meiner Hellevik.

Heimelaget skåra tre mål på kort tid. Sjølv om kampen nærmast var avgjort før pause starta Os andreomgangen bra.

- Vi var ganske gode i 20 minutt. Notodden fekk eit litt heldig mål etter cirka 70 minutt, og resten av kampen bar preg av at alt håp var ute.

Os sitt lag frå start (4-5-1): Kjetil Hansen, Daniel Kalstad, Stian Lunde (blei brukt i forsvar), Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Torkel Hjertnes, Preben Borgen, Frode Buvik, Tore Valvik, Erik Kanestrøm og Tim henrik Sperrevik.

Får barbera seg
Hellevik sa i staren av veka at han ikkje skulle barbera seg før Os hadde tapt igjen.

- Å sjå meg med skikkeleg heilskjegg var ikkje nok motivasjonsfaktor til at det gav effekt i dag, ler Frank, som allereie etter ei knapp veke fekk ta skjegget.

Hadde han vore hakket modigare så hadde han venta med veddemålet til etter møtet med topplaget. I dei tre neste kampane møter Os meir overkommeleg motstand.

Neste kamp går på heimebane mot Stord (9. plass) sundag 20. juni kl 16. Så er det borte mot Førde (8. plass) og heime mot Åsane (11. plass).

SJÅ TABELL

Andre resultat frå 9. runde:
Førde - Vålerenga 2: 3-2
Nest-Sotra - Kjelsås: 2-0
Asker - Manglerud Star: 3-4
Stord - Frigg: 2-2
Åsane - Bærum: 2-2
Fana - Stabæk 2: 0-0

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.