Lokal | 07. apr. 2016

Skrot femtilappen

Lesarbrev: Er det for dyrt å levera avfallet sitt? Er det difor søpla vert kasta i naturen, undrar Laila Reiertsen.

Skrot femtilappen
Bør det bli gratis å levera boss opp til ei viss mengde? (ill.foto: AH)
Lesarinnleggtorsdag 07. apr. 2016 06:45

Like sikkert som vakre vårteikn kjem også dei ikkje fullt så vakre vårteikna fram. Bosset vert slengt frå seg både i naturen og ved ulike avfallspunkt som ikkje er tenkt til verken gamle bord eller sofaer.

Vi har alle eit ansvar når det kjem til å halda det reint og ryddig i naturen og elles. Og sjølvsagt tenkjer ein når søpla vert kasta rundt om kring at kvifor gjer ein dette? Er det så dyrt å levera avfallet sitt? Og om dette er forklaringa så bør ein innføra gratistjeneste for avfall opp til ei viss mengde på returpunkta. Det er i alle fall vel verdt å prøva ut for å sjå om det verkar.

Og eg har vanskeleg for å tru at avfallsleveringa for ein femtilapp er det avgjerande for drifta av ein restavfallstasjon.

Samstundes må det verta fleire gjenbruksplassar der godt brukandes ting og tang kan bli brukt av andre.

I vinter var eg til New York ved to høve. Begge gongene fekk eg oppleva at på enkelte dagar sto det godt brukandes møblar og andre ting på fortaua. Forklaringa var at jevnleg fekk innbyggjarane setja frå seg brukandes møblar og anna som dei ikkje hadde brukt for på fortauet. Innan ei viss tid fekk andre som såg seg nytte ved dette, ta det med seg. Etter ca eit døgn blei det som ikkje var tatt av nokon, rydda av renovasjonsselskapet.

No er det kanskje ikkje det enklaste å innføra New York tiltak i Osbygdo men nytenking og kanskje betalingsendringar er vel verdt eit forsøk.

Laila Reiertsen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.