Lokal | 18. apr. 2018

"Skrotnissane" klar for ny marknad

– Den eine sitt skrot, den andre sitt gull, seier Gustav og Jens Bahus som laurdag arrangerer Ulvenmarknaden for minst 15. gang.

"Skrotnissane" klar for ny marknad
Gustav og Jens Bahus i ferd med å lasta utstyret inn i ein god gamal Chevrolet Sedan Delivery frå 1951 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 18. apr. 2018 06:59

Like sikkert som at løvet sprett om våren, er at mellom 80 og 100 "skrotnissar" samlast på parkeringsplassen ved Os Vidaregåande skule for å kjøpe og selgje det som for mange av oss framstår som boss.

– Det er heilt umogleg å seie kor mykje som blir seld. Det kjem heilt an på kva folk er på jakt etter. Det som er skrot for ein, kan vera akkurat den delen eller tingen ein annan manglar. Då blir det ikkje skrot, men gull for kjøparen, ler Gustav og Jens Bahus der dei er i ferd med å lempa inn kasse på kasse med rariteter i ein god gamal Chevrolet Sedan Delivery frå 1951.

– Mangla ikkje du små tennpluggar som dette til bilen til vesle-Gustaven, kjem det plutseleg frå Jens i det kasse nummer fire er på veg inn i bilen. Og jammen stemmer det ikkje. Tennpluggane blir att i garasjen i staden for å bli med opp på marknaden. Det er utruleg kva ein kan finna også i sine eigne kasser.

Fått tøff konkurranse frå eBay

Om det er 15. eller 16. året Os skysslag no arrangerer Ulvenmarknaden er dei usikre på.

– Vi starta Os skysslag klokka 01.01. den 1.1.2001, om det var i 2002 eller 2003 vi hadde den første marknaden hugser eg ikkje, men vi har altså helde på i minst femten år.

– Dei første åra var vi på standplassen på Ulven leir. Det var topp det, men på yrkesskulen er det meir kosleg og intimt. Det er litt av greia at det skal vera litt tett.

– Det har skjedd ei ganske stor endring sidan vi starta opp. Konkurransen frå eBay og Finn har auka kraftig, men samstundes er nok sjansen for å gjera eit godt kjøp mykje større på marknaden enn på nettet. Dei som legg ut ting på nettet veit kva ofte kva tingen er verdt, på marknaden er ikkje det like sikkert, forklarar Gustav.

– Dessuten er jo mange av dei som kjem, nokre av dei langvegsfrå, ikkje like ivrige på internett som det Gustaven er, skyt Jens inn.

Som tidlegare år blir det lagt ned eit godt stykke dugnadsarbeid frå Os Skysslag.

– Det vil bli kiosksal med vaflar, kaffi, brus og anna. Det er ikkje berre eg og Jens som jobbar, vi har med oss Øyvind Tøsdal, Knarvikane Bjørn Tore Lepsøe og gutane hans, Terje Vikøren, Arne Holme og fleire med oss, avsluttar Bahus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.