Lokal | 09. apr. 2017

Skuffa etter motortjuveri ved Os Sjøfront

I fjor kjøpte dei ny båt for sparepengane, i dag fekk to brør ein dårleg start på påsken.

Skuffa etter motortjuveri ved Os Sjøfront
Båten, som gutane kjøpte ny i fjor, låg snudd og utan motor i marinaen ved Os Sjøfront søndag morgon. (Foto: Lesarbilde, båteigar)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. apr. 2017 18:43

Bildeserie:

Sånn såg båten ut med motor, her ved gjestebrygga i marinaen. (Foto: Lesarbilde, båteigar)
Sånn såg båten ut med motor, her ved gjestebrygga i marinaen. (Foto: Lesarbilde, båteigar)
I dag var kablane klipte og motoren vekke. (Foto: Lesarbilde, båteigar)
I dag var kablane klipte og motoren vekke. (Foto: Lesarbilde, båteigar)
1 av 2
Sånn såg båten ut med motor, her ved gjestebrygga i marinaen. (Foto: Lesarbilde, båteigar)
I dag var kablane klipte og motoren vekke. (Foto: Lesarbilde, båteigar)

Ein båteigar frå Søfteland er interessert i tips etter tjuveri av Yamaha 9,9 hk påhengsmotor i marinaen ved Os Sjøfront.

Tjuveriet har skjedd i brygge A plass 16, mellom klokka 20.30 laurdag kveld og søndag formiddag.

– Vi skulle køyra snekka vår over til hytta på Vinnes med båten, ein Summer Fun, på slep, fortel mora til to unge båteigararar.

– Gutane har spart lenge til båt og motor, som dei kjøpte ny i fjor. I dag blei dei ståande svært skuffa på brygga.

– Tjuvane har kanskje kome med bil

Båteigar har prøvd å nå politiet i dag, men då det lokale 56-nummeret ikkje var i bruk i helga vil dei venta til i morgon.

– Motoren var kopla til ratt, fjernkontroll og batteri, då den har elstart. Alt av kablar var klipt av.

Båten låg i går med baugen inn mot brygga, i dag var den snudd.

– Det er kanskje eit teikn på at tjuvane ikkje kom sjøvegen, men har tatt motoren på land og inn i ein bil. Men det kan jo henda at dei har tatt den med seg i ein båt, at dei har snudd gutane sin båt berre for å kunna jobba frå brygga.

– Uansett håper vi nokon har sett noko som gjer at syndarane blir tatt, for dette synest eg er utruleg frekt gjort!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.