Sport | 21. okt. 2017

Skuffa etter siger

Lysekloster var klar for 2. divisjon i 57 minutt.

Skuffa etter siger
Her blir Kristoffer Østervold felt og får straffe (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 21. okt. 2017 14:55

Lysekloster gjorde jobben borte mot Brann 2 laurdag ettermiddag. Etter 24 minutt blei Kristoffer Østervold felt innanfor 16 meteren. Straffa tok han sjølv og satte kontant i mål.

Berre fire minutt seinare vann Østervold ballen rett utanfor 16 meteren. Han flikka den elegant vidare til Ole Thomas Herrem som smalt den hardt i lengste hjørnet bak Brann-keeperen.

Reduseringa kom ti minutt seinare, på eit av Brann sine få skikkelege angrep. Brann spelte seg effektivt gjennom Lysekloster-forsvaret og vann ein corner. Der var Jonas Tillung Fredriksen høgst og heada inn bak Kjetil Hansen.

Brann 2 - Lysekloster 1-2 (1-2)
Målskårarar Lysekloster: Kristoffer Østervold og Ole Thomas Herrem.
Lysekoster sitt lag: Kjetil Hansen, Sigve Rørstad, Mirza Mujcic, Ole Thomas Herrem, Ken-Joar Føyen, Thorvald Trætteberg, Armin Pasagic, Joakim Helland, Denis Lubovic (Vladan Radojkic, 61 min), Stian Dyngeland, Kristoffer Østervold.

Med leiing over Brann og eit Os-lag som heldt Brattvåg til uavgjort var Lysekloster klare for 2. divisjon. Divverre for munkane skåra Brattvåg på Kuventræ etter 81 minutt og tok dermed plassen i 2. divisjon.

– Det er klart at akkurat no er vi skuffa. Vi lå lenge øvst på tabellen og håpa at det skulle ende bedre enn det det gjorde, sier Ruben Hetlevik rett etter kampen.

– Når det er sagt har vi ikkje lov til å vera skuffa lenge. Vi har gjort ein imponerande sesong. 56 poeng er sterkt.

– Kampen i dag då?

– Eg tykkjer vi gjer ein solid kamp. Vi gjennomfører med stil. Eg er nøgd med prestasjon og resultat i dag, avsluttar Hetlevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.