Det blei ei dempa stemning på Hanne's då dei første resultata kom (foto: Andris Hamre)

Skuffande start

Video frå valvake: Sjå reaksjonane frå dei raud-grøne på dei første valresultata.

Av: Andris Hamre

Dei raud-grøne partia er måndag samla til valvake på Hanne's konditori og musikkbar.

– Her er alle partia som ønskjer ei ny regjering samla. Så vidt eg kan sjå er vi folk frå Ap, SV og MDG her no. Eg reknar med at Sp også kjem i løpet av kvelden, fortalde gruppeleiar for Arbeiderpartiet, Helge Steinum minutta før klokka 21 då dei første resultata kom inn.

Stemninga i salen var spent, men optimistisk i minutta før resultata kom opp på storskjermen. Då NRK presenterte framleis fleirtal for dei borgelege partia gjekk det eit sukk igjennom forsamlinga.

Litt skuffa

Helge Steinum og Os Ap sin listekandidat Trine Lindborg tok dei foreløpige resultata med fatning.

– Det er litt skuffande, men samstundes ikkje noko som er meir sikkert enn vi hadde før i kveld, kommenterte Steinum.

– Mange har nok sitte på gjerdet. Eg håpar vi har klart å mobilisera dei siste dagane, seier Lindborg.

Bjørn Terje Bøe frå MDG var skuffa over dei nasjonale målingane, men fekk ein opptur då han fekk sjå dei lokale resultata frå førehandsrøystene i Os, kor MDG får 4,4%

– Vi får håpa at vi kjem opp der nasjonalt.

Her er resultata frå førehandsrøystene i Os