Lokal | 16. mars 2018

– Skuffande å stoppa to med promille

Éin fekk køyra vidare, ein annan måtte ta blodprøve etter kontroll av fart og promille i Industrivegen i dag.

– Skuffande å stoppa to med promille
Politiet sjekka fart og promille i Industrivegen i dag. Dei med Midtsiden-klistremerke i bakruta fekk naturlegvis køyra rett forbi. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. mars 2018 14:38

Fredag har politiet hatt kontroll av både fart og promille i Industrivegen. To av bilistane pusta på seg mistanke.

– Den eine hadde promille under grensa. Etter å ha stått på staden ein stund, så vi såg at denne var avtakande og ikkje aukande, fekk vedkomande køyra vidare.

– Den andre hadde òg lågpromille, men over grensa, så då blei det ein tur til legevakt for blodprøve, fortel politibetjent Sindre Hallem.

Vedkomande er ein mann i 60-åra frå Bergen, som var på gjennomreise og skulle på ein lengre biltur.

Aukande problem

Os lensmannskontor har dei siste åra opplevd ei auke i køyring i påverka tilstand, og dette er ikkje berre eit helgefenomen.

– Det viser seg dessverre gang på gang at det òg blir stoppa bilistar med promille på dagtid midt i veka.

– Sjølv om det i dag var snakk om lågpromille, synest eg det er skuffande at to av bilistane vi stoppa, på ein veg som òg er skuleveg for mange, har promille i blodet, seier Hallem.

To timar utan høg fart

Politiet sto på staden frå klokka 11.30 til dei i 13.15-tida stoppa den promillemistenkte.

Ingen av dei som blei målt med laseren køyrde for fort.

– Laseren var stilt inn så den aksepterte litt høgare fart enn 50 km/t, og det var noko høg trafikk, men det er likevel positivt at det ikkje var fartssyndarar i Industrivegen desse knappe to timane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.