Lokal | 28. juli 2015

Skule, eldreomsorg, skule

Lesarinnlegg: I Os FrP har vi alltid prioritert primæroppgåvene først. Og kva er vel viktigare en skule og eldreomsorg? Det er dei desidert største oppgåvene kommunen har.

Skule, eldreomsorg, skule
Ordførarkandidat for Frp Terje Søviknes (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 28. juli 2015 06:34

Kvart år får Os kommune 5-700 nye innbyggjarar. Som i andre vekstkommunar krev dette investeringar i ny sosial infrastruktur som barnehagar, skular og eldreomsorg. Dei siste åra har Os kommune utarbeida 10-åringe investeringsbudsjett. Dette gjev langsiktige og føreseielege rammer for organisasjonen vår.

I valperioden 2011-15 har mykje av fokuset vore retta mot skulesektoren. Tidlegare vedtak i Skulebruksplanen er realisert, og i alt et skulane våre bygd ut for vel 350 mill kr på fire år. Den nye ungdomsskulen på Nore Neset er flaggskipet, men i tillegg er Hegglandsdalen skule, Kuventræ skule og Os Ungdomsskule bygd ut. Sist ut i denne bolken er Nye Lysekloster skule som opnar 17.august. Vel 50 mill kr er investert i skulen, og i samarbeid med Lysekloster Idrettslag har ein fått utvikla eit komplett oppvekstsenter i krinsen. I tillegg har kommunen vore framsynt og tatt høgde for framtidig utviding av skulen til to klassar pr trinn. Alle prognosar tyder på at bustadbygginga i Lysekloster krins vil skyta fart som følgje av ny E39 Os-Bergen.

I kommande valperiode er det i første rekkje eldreomsorga som skal prioriterast. Lurantunet skal byggjast ut med 96 nye heildøgns omsorgsplassar. I tillegg vert det lagt til rette for nye gode fellesfunksjonar som innandørs og utandørs sansehagar, møterom, serveringsfasilitetar, hjelpemiddelsentral m.m. Det er spesielt knytt stor spenning til den tropiske hagen på 1300 m2 som skal liggja sentralt i nybygget. Under glastak skal våre eldre kunna oppleva naturen med trær, blomster, rennande vatn og gode sosiale møteplassar året rundt. Dette vert ei nyvinning i norsk eldreomsorg, og eg voner nok ein gong at Os kommune kan visa veg i høve til andre kommunar! Ein slik hage har vore ein draum for mange av oss etter at vi fekk presentert seniorbustadkonseptet til selskapet Boverian i Sverige. Dei har i mange år bygd ut bustader for eldre med tropisk hage som felles møte plass, sjå www.bovieran.se.

Anboda på Lurantunet er levert, og byggjestart vert til hausten. Etter at dei 96 nye plassane er opna i 2017 skal vi i gang med rehabilitering og ombygging av den eldste delen av Os Sjukeheim. Innhaldet her er ikkje endeleg avklåra, men det er aktuelt med både bustader, helsehus og andre føremål.

Mot slutten av fireårsperioden 2015-19 er det tid for ein ny runde med skuleutbygging. Eit eige adhocutval planlegg no utviding av Lunde barneskule, og kommunen har allereie kjøpt opp naboeigedommar slik at vi kan utvikla et komplett oppvekstsenter også for Søre Neset krins. I tillegg arbeidar adhocutvalet med lokalisering og planar for ny skule aust om elvo. Truleg vil begge prosjekta starta opp i 2017-19.

Samla utgjer investeringane nemnd over ca 750-800 mill kroner. Til fråtrekk kjem momsrefusjon og gode statlege tilskotsordningar, spesielt til eldreomsorga. I Os FrP har vi alltid prioritert primæroppgåvene først. Og kva er vel viktigare en skule og eldreomsorg? Det er dei desidert største oppgåvene kommunen har.

Unge og eldre i Os skal ha gode tenester. Våre barn fortener gode oppvekstmiljø og kvalitet i skulen, og våre eldre fortener ein verdig alderdom. Og gode fasilitetar i form av moderne skulebygg og omsorgssentra legg grunnlaget for god kvalitet i tenestene. I Os FrP prioriterar vi dei store pengane til dei store oppgåvene. Godt val 14.september!

Terje Søviknes
Ordførarkandidat Os FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.