Skulestart med 1800 nye kvadratmeter

Bli med på omvising i tilbygget til Lunde barneskule - seks dagar før skulestart.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

(Foto og klipp: Ørjan Håland, midtsiden.no)

Torsdag 17. august startar 2017-2018-skuleåret ved barne- og ungdomsskulane i Os.

Skuleåret får rekordmange 2.894 elevar, 336 (46 fleire enn i fjor) av dei skal gå på Lunde barneskule.

• Les òg: 315 nye førsteklassingar (med tal, dato og klokkeslett for start)

Lunde barneskule er som kjent utvida og brakkene frå 1986 er rivne ned. Les meir i omtale av kranselaget i november 2016.

Bygger vidare i haust

– Tilbygget er ferdig og bruksløyve kom på plass torsdag for ei veke sidan, seier avtroppande prosjekleiar Tor Inge Døsen frå Os kommune.

Det er bygd 3 x 924 kvadratmeter, der to av dei tre etasjane no er innreia og klare. 4 klasserom i brakker er fjerna og nye 9 klasserom står klare.

Kan bli treparallell

– I neste byggetrinn, som vil gå utover hausten og fram til jul, skal siste to femtedelar av bygget ferdigstillast.

– Når dei dårlegaste romma i gamledelen av skulen seinare blir rusta opp kan Lunde barneskule blir første barneskulen i Os med treparallell (A-, B- og C-klasse per trinn), byggmassen har potensialet i seg, seier Døsen.

• I videoen over får du sjå innsida av nybygget på Lunde, med stor vestibyle, gode lærarrom, eigen green screen, eigne fargar per etasje og moderne, digitaliserte tavler.

• Lansering av nytt slagord og offisiell opningsfest kjem seinare.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Auka folkevekst i Os

21. august 2017

I Bergen kommune vaks innbyggartalet med 28 i 2. kvartal. Os kommune auka med 173.

bilde-midtsiden

Starta hausten med 13-1-siger

21. august 2017

5. og 7. div. er i gang igjen: Os 3 speler toppkamp i 6. div. kveld, i går skåra Aleksander Havsgård 7 mål for Nore Neset 2.