Kultur | 20. mai 2017

Slagkraftig start på U-Fest

Gjestane på U-Fest, som går i Oseana i heile dag, varma opp med sumoboksing før første band gjekk på scenen.

Slagkraftig start på U-Fest
Kristina Andreasson Dale slo knockout på arrangør Susanna Kristensen i sumoboksing. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. mai 2017 13:17

Bildeserie:

Fryktlaus start på U-Fest. (Foto: KVB)
Fryktlaus start på U-Fest. (Foto: KVB)
Det nyttar ikkje å boksa med rusk i auget. (Foto: KVB)
Det nyttar ikkje å boksa med rusk i auget. (Foto: KVB)
Ein munter dommar hjelper på. (Foto: KVB)
Ein munter dommar hjelper på. (Foto: KVB)
Godt med folk frå start. (Foto: KVB)
Godt med folk frå start. (Foto: KVB)
Med pølse og popcorn kan gjestane halda ut til klokka 21. (Foto: KVB)
Med pølse og popcorn kan gjestane halda ut til klokka 21. (Foto: KVB)
Malene S. Jensen og Vilde R. Hagen jobbar backstage. (Foto: KVB)
Malene S. Jensen og Vilde R. Hagen jobbar backstage. (Foto: KVB)
– Vi gler oss til å høyra Vanja V! (Foto: KVB)
– Vi gler oss til å høyra Vanja V! (Foto: KVB)
Første band skal på kl 14, siste kl 20.30. (Foto: KVB)
Første band skal på kl 14, siste kl 20.30. (Foto: KVB)
1 av 8

Klokka 13.30 i dag opna dørene til første versjon av U-Fest, ei av Oseana sine to nysatsingar i år.

– Vi er veldig spente, vi veit jo ikkje mykje om verken oppmøte eller om ungdomane vil lika dette tilbodet, seier Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

• Les òg: Ni timar med festival for ungdom

Mesteparten av organiseringa er det ungdomar som står for, og hos arrangørane er dei nøgde allereie etter ein halvtime.

– Klokka er berre 14, og det er allereie godt med folk her. Det vi er mest spente på er banda på scenen, at alle får bra publikum, seier Natasja Smørholm, ein av dei unge arrangørane.

– Vi held fram til rundt klokka 21, med aktivitetar, kiosksal, vrimling i foajeen og ei lang rekke med band på scenen.

– Gler oss til Vanja V

Først ut på programmet var Join Us. Seinare skal Kløver & Skarre R, Lisky, 7 Days in Alaska, Vanja V, Martine C, Simen Moesgård, Sleepwalkers og Andrea og Mathias på scenen.

– Kløver & Skarre R skal spela cirka klokka 18, men vi gler oss også veldig til Vanja V, seier ein venninnegjeng på sju som sat i foajeen og venta på første band.

– Vi blir her truleg heile dagen. Det er sosialt og det er bra at det er lagt opp til at vi òg kan sitja her og prata, det treng ikkje vera musikk heile tida. Men vi kjem til å gå inn i salen og høyra på alle!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.