Lokal | 29. juli 2015

Slagsmål på Halhjem

Tre mann i slåstkamp på Halhjem. – Vitne reagerte på at det såg stygt ut, men ingen av dei vil melda kvarandre, fortel konstituert lensmann Audun Hadler-Olsen.

Slagsmål på Halhjem
Politiet rykte ut på meldinga om slåstkamp på Halhjem (ill.foto: AH)
Andris Hamreonsdag 29. juli 2015 07:34

Klokka 1945 fekk politiet melding om at tre personar var involvert i ein slåstkamp ved eit busstopp like ved Halhjem fergekai.

– Meldar fortalte det såg ut som om det var to mot éin og at det såg stygt ut.

– Patruljen rykte ut og tok kontakt med dei tre, som var av utenlandsk opprinnelse, fortel konstituert lensmann Audun Hadler-Olsen.

Den eine av dei tre hadde fått nokre kutt i ansiktet.

– Det var ein konflikt mellom dei, men ingen av dei tre ønskte å anmelda nokre av dei andre. Dei ønska heller ikkje tilsyn frå lege. Patrulja skilte dei difor og sendte dei i kvar sin retning.

To fekk forelegg

Seinare på kvelden i 22-tida gjennomførte patrulja ein trafikkontroll på byvegen ved Amfi.

– 30 bilar blei kontrollerte og to fekk eit forelegg. Den eine i høve festeanordninga til skilta, den andre i høve dokument i samband med nyleg kjøpt bil, forklarar Hadler-Olsen.

Måtte dempa seg

Rundt midnatt fekk operasjonssentralen melding om høg musikk i området med Kvernhusrenen.

– Politiet var i kontakt med dei og påla dei å dempa musikken og å halde dørar og vindauge lukka slik at naboane kunne få sova i fred.

Hjort og undulat

Politiet fekk òg melding om ein daud hjort ved Brimsholmen tysdag formiddag.

– Det var operasjonssentralen som handterte meldinga. Dei varsla Bergen hamnevakt som skulle ta seg av saka og følge den opp vidare.

– Vi fekk òg ei melding om ein grøn og gul undulat som blei funnen i Skeisstøa i går, avsluttar Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.