Lokal | 23. feb. 2017

Slapp soning grunna lang behandlingstid

Mann i 50-åra var rusa bak rattet, utan førarkort og utan skilt på bilen - men aktor fekk ikkje viljen sin.

Slapp soning grunna lang behandlingstid
Bergen tinghus. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. feb. 2017 09:01

Ein mann i 50-åra frå Os sto nyleg tiltalt for fire lovbrot, alle i samanheng med at han blei stoppa av politiet i Industrivegen midt på dagen ein juli-laurdag i 2015.

Blodprøve viste at han var påverka avklonazepam (rivotril) tilsvarande over 1,2 promille.

Vedkomande har ikkje førarkort og bilen var uregistrert og hadde ikkje skilt (men ein lapp der det var malt inn eit kallenamn på).

Aktor la ned påstand om ubetinga fengsel i 15 dagar og 20.000 kroner i bot.

Tiltalte møtte og sa seg delvis skyldig etter tiltalevedtaket. Forsvarar la ned påstand om at han blei frikjent for punkt 1 og tiltalte forklarte at det var ein kort køyretur på 300 meter og at det ikkje hadde oppstått farlege situasjonar.

Ikkje første gong

Retten viste til at tiltalte tidlegare er straffa fleire gongar for befatning med narkotika og at han tidlegare har blitt straffa to gongar for køyring utan gyldig førarkort.

Desse forholda ligg langt tilbake i tid og fekk avgrensa eller inga vekt i straffeutmålinga.

Eitt år utan aktivitet frå politiet

Etter retten sitt syn ville eit passande utgangspunkt for straff vera ei betinga fengselsstraff i området 28-30 dagar.

Vidare viste dei til at saksbehandlingstida hos politiet har vore uforholdsmessig lang. Forholda fann stad i juli, saka var i realiteten ferdig etterforska då resultat frå blodprøve kom inn i august.

Likevel blei ikkje tiltalte avhøyrd før i februar 2016, og tiltale i saka var ikkje klar før i november 2016.

«Etter retten sitt syn er det her grunnlag for å konstatere brot på EMK art. 6 nr. 1 om rett til rettargang innan rimeleg tid» skriv Nordhordland tingrett i dommen.

Bot og betinga fengsel

Tiltalte blei dømt til 21 dagar fengsel på vilkår, soning av straffa blir utsett med prøvetid på to år.

Han blei òg dømt til 20.000 kroner i bot og til å betala sakskostnadar på 2000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.