Lokal | 27. jan. 2015

Slapp unna med ei åtvaring

Ein elev som leika seg på ein ATV hadde politiet som vitne. Han slapp med åtvaring, det gjorde ikkje dei som blei tatt i kontroll på Søfteland måndag kveld.

Slapp unna med ei åtvaring
Politiet tok ein prat med føraren av ATV-en, som slapp med ei åtvaring etter uaktsam kjøring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. jan. 2015 08:16

Måndag i 15-tida var politiet innom Os vgs.

– Vi svinger av og til innom skulane for å sjekka trafikken og gjerne for å ta ein titt på bilparken, at ungdomane har kjøretøy som er EU-godkjente og trygge, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

I går møtte dei ein elev på ATV, og han kjørte på ein måte som fekk politiet til å reagera.

– Han dreiv å leika seg, så vi tok ein prat med han om risiko og det å ikkje vera varsam når det er folk i nærleiken. Det blei ei åtvaring denne gong og ingen skriftleg reaksjon utover det at vi har notert han i loggen.

Kjørte utan lys på E39

Måndag kveld frå klokka 22.30 til 23.30 hadde politiet trafikkontroll på Søfteland.

67 bilar blei kontrollert, 3 av dei førte til reaksjonar.

– Ein som kom kjørande heilt utan lys fekk forenkla forelegg.

– To andre fekk pålegg om teknisk utbetring på kjøretøyet, fortel Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.