Lokal | 21. feb. 2017

Slapp unna snøras på Svalbard

Jan Kristian Rokne frå Os heldt kurs i Longyearbyen mens to leilegheitskompleks blei råka av snøras tysdag formiddag.

Slapp unna snøras på Svalbard
Jan Kristian Rokne (med taubanesentralen i bakgrunnen) er på Svalbard for å halde kurs (privat foto)
Andris Hamretirsdag 21. feb. 2017 12:40

Bildeserie:

Det er uvêr på Svalbard. Slik såg soveromsvindauget ut då Rokne vakna tysdag morgon (privat foto)
Det er uvêr på Svalbard. Slik såg soveromsvindauget ut då Rokne vakna tysdag morgon (privat foto)
Dei to husa som er tatt av raset (foto: Jan Kristian Rokne)
Dei to husa som er tatt av raset (foto: Jan Kristian Rokne)
Sukkertoppen, kor snøskredet starta (foto: Jan Kristian Rokne)
Sukkertoppen, kor snøskredet starta (foto: Jan Kristian Rokne)
1 av 3
Det er uvêr på Svalbard. Slik såg soveromsvindauget ut då Rokne vakna tysdag morgon (privat foto)
Dei to husa som er tatt av raset (foto: Jan Kristian Rokne)
Sukkertoppen, kor snøskredet starta (foto: Jan Kristian Rokne)

Tysdag formiddag gjekk det eit nytt snøskred i Longyearbyen på Svalbard. To leilegheitskompleks med til saman seks leilegheiter i Vei 228 blei tatt av snømassene.

– Det gjekk heldigvis bra denne gangen. Raset har gått i det same området som det gjekk då to menneskjer mista livet for vel eit år sidan, fortel Rokne på telefon frå Longyearbyen.

Fekk telefonar

Sjølv sto Rokne i Store Norske Kullkompanier sine lokaler ved hamna og heldt kurs for flyplasstilsette ved Svea då raset gjekk.

– Vi fekk ikkje med oss sjølve raset, men plutselig byrja det å hagla inn med meldingar og telefonar frå familie og kjende som lurte på om alt sto bra til. Eg kunne heldigvis beroliga dei med at eg ikkje var råka av raste.

– Korleis er stemninga der oppe no då?

– Folk går naturlegvis til og frå. Folka eg held kurs for var klare for å bli kalt ut til å hjelpa, men førebels har dei ikkje blitt kalt ut, fortel Rokne.

Skikkeleg uvêr

Tysdag morgon sendte NVE ut eit skredvarsel for Svalbard av styrke fire som er den mest alvorleg faregraden som følgje av uvêret som herjar øygruppa for øyeblikket.

– Det er eit helsikes vêr her med mykje vind, kaldt og surt, så det beste er å halde seg inne, seier Rokne, som sjølv bur på motsett side av dalen i forhold til kor raset gjekk.

Ifølgje Meteorologisk institutt bles det no liten storm på Svalbard, men den er venta å minska utover ettermiddagen.

Stengt rasområdet

Tidleg ettermiddag har Rokne og kollegaene vore nærarare raset for å ta det i augesyn.

– Det bles framleis surt, men nett no er det opplett. Vi blir halde på god avstand til rasområdet.

Sysselmannen på Svalbard har også trekt ut redningsmannskap frå området.

– Det har samla seg opp snø på nytt i det området kro skredet løsna. Det er litt uavklart korleis skredfaren er på staden, seier sysselmannsoverbetjent Ole Jakob Malmo til NRK.

Rett før klokka 15 meldte Sysselmannen om at skredområdet var gjennomsøkt, at ingen var sakna og at situasjonen soleis var avklart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.