Næringsliv | 26. feb. 2015

Slår seg opp på sol

– Der vi finn dyktige drivarar slår vi til, seier Linn Evjen. På eitt år har ho kjøpt fem solsenter, eitt av dei er Brun og blid på Os.

Slår seg opp på sol
Ny Brun og blid-eigar på Os, Linn Evjen (t.v.) er glad ho har Veronika Wilhelmsen til å ta den daglege drifta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. feb. 2015 10:34

Brun og blid-senteret på AMFI Os har fått nye eigarar. Asbjørn Totland, som eig fleire solsenter i bergensområdet, har selt solene på Os til Linn og ektemannen Dag Halvor Evjen.

– Mannen min er kjøpmann og det starta med at vi i februar i fjor kjøpte eit solsenter i nærleiken av butikken hans. No har vi fire og eit femte under bygging, fortel Linn.

– Avhengig av dyktige lokale drivarar

Det var i desember at Brun og blid Os blei hennar fjerde senter. På Brun og blid Os er et no arbeid med fasadeendring, men senteret er ope i heile byggeperioden.

Frå før eig ekteparet Evjen solsenter på Minde, Krohnstad og Landås. Det femte, som er under bygging, er i Amfisenteret på Stord.

– Fem senter på eitt år, kor mange skal du opp i?

– He, he! Eg veit ikkje. Men det har gått fint til no og vi har slått til der Totland, som har selt seg ned, har kome med tilbod.

– Men vi er avhengige av dyktige, lokale drivarar, og det var det allereie på Os.

Jobben blir hobby

Det er osingen Veronika Wilhelmsen som har hatt ansvar får den daglege drifta av Brun og blid på Os dei siste åra.

– Arbeidstida passar godt for ei småbarnsmor. Eg er nedom og vaskar og fyller på med papir, vaskemiddel til kundane og solbriller, solkrem og kablar til mp3-spelarar i automaten.

– Dette gjer eg på morgonen. Men ut på dagen så svinger eg nedom fleire gongar, det blir litt som ein hobby dette med å passa på at alt ser greit ut.

Låsen opnar seg sjølv automatisk om morgonen og låser om kvelden. 17. mai er den einaste dagen i året der senteret er stengt.

Stor pågang midt på sommaren

Linn og Veronika fortel om stabilt gode tal gjennom året, med noko oppsving i julebordsesongen, men også om sommaren.

– Sjølv på dei varmaste og finaste sommardagane er det mange som soler seg inne. Forklaringa er enkel, ikkje alle har fri, men dei vil gjerne få seg litt sol likevel. Fleire er også innom for å få litt farge og underlag før dei skal til Syden.

Fjerna krav om betjent senter

Mens den raudgrøne regjeringa vedtok 18-årsgrense og krav om bemenning ved alle solsentre frå 1. januar 2014, kom dei borgarlege og utsette kravet om bemanning (les meir om dette på E24).

Bransjen, som frykta nedlegging av 70 til 90 prosent av solsentra i Noreg, jubla. Det betyr ikkje at drivarane ikkje ønskjer betre kontroll.

– Sjølv om dette med 18-årsgrense ikkje blir handheva ved ubetjente solsenter, kan foreldre i stor grad ha kontroll på kva deira eigne ungdomar gjer på.

– Men det kjem nok nye krav som seier at vi må ha betre kontroll, for eksempel ved hjelp av ei digital løysing. Kanskje vil vi få eit system som gjer at folk låser seg inn ved hjelp av betalingskort eller medlemskort.

– Ei slik løysing ville vore god for oss òg. Sjølv om vi har overvaking med kamera i gangane utanfor solsengene så hender det at vi er utsett for hærverk. Med eit nytt låssystem ville vi unngått dette og opplevinga for kundane blir endå betre, seier Linn, førebudd på å investera litt ved dei, til no, fem Brun og blid-sentra ho eig.

Les òg: Vil visa noko som ikkje er plettfritt (Miss Brun og blid 2014)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.