Politiet rykte ut til Essoen etter melding om slåstkamp (ill.foto: KVB)

Slåst om nattmaten

To slåst ved Essoen natt til søndag.

Av: Andris Hamre

Politiet sin operasjonsentral har loggført ei hending i Os natt til laurdag.

– Klokka 0337 fekk vi melding om ein slåstkamp i området ved Esso i Os sentrum, fortel operasjonsleiar Thue ved Vest politidistrikt.

Då politipatrulja kom til staden var partane allereie skilt og gått frå staden.

– Det var vel nattmaten dei skulle ha og då blir det ofte krangling, konkluderer politimannen.