Lokal | 19. mars 2017

Slåstkamp i Sigurdsvika

Politiet rykte ut då 4-5 personar rauk i tottane på kvarandre.

Slåstkamp i Sigurdsvika
4-5 personar byrja å slåst i Sigurdsvika i natt. Då politiet kom fram var kampen over og deltakarane vekke. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. mars 2017 07:20

I 1-tida i natt fekk politiet melding om slåstkamp mellom 4-5 personar.

– Ein patrulje rykte ut til Os Roklubb sitt lokale i Sigurdsvika, der det var ein privat bursdagsfest for nokre ungdomar, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt.

Då patruljen kom fram var kamphanane gått kvar til sitt.

Promillekontroll på Lepsøyvegen

Laurdag formiddag hadde politiet kontroll av promille og dokument på Lepsøyvegen ved Hagavik Hjemmebakeri.

– 17 bilistar blei kontrollert. Éin fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte, ein annan blei meldt for manglande førarkort. Vedkomande køyrde med ein tilhengar som var tyngre enn det han hadde førarkort for.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.