Sport | 29. sep. 2014

Slått med tre mål

Os reiste heim frå Sogn og Fjordane utan poeng, men gjorde god figur mot Jotun, som hamna på 2. plass i vår.

Slått med tre mål
Elise Hjelle skåra 6 mål i går, to av dei på straffe. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. sep. 2014 08:22

Søndag var handballdamene til Os i Øvre Årdal for å spela tredje serierunde mot Jotun.

Jotun, som spelte 1. divisjon i 2011-2012 hamna på 2. plass i 2. divisjon i vår. I går var Os nær på å ta dei igjen.

– Vi låg under med 9 mål då det sto 15 minutt igjen, fortel trenar Gitte Torp.

Jotun - Os 25-22

– Det var mykje positivt i går. Vi sto i periodar veldig bra i forsvar, men vi sette litt for få sjansar.

Rett før slutt låg Os to mål bak, men det enda med tremålstap.

Madeleine Hjertnes var med trass skaden borte mot Voss og blei toppskårar med 7 mål. Elise Hjelle putta 6, 2 av dei frå 7-metersmerket.

– Vi tar dei neste gong, meiner Gitte.

Os sin neste kamp er borte mot Bjørnar 19. oktober mens neste heimekamp er 25. oktober.

SJÅ TABELL OG TERMINLISTE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.