Sport | 27. feb. 2017

Slått ut i siste sekund

Rogaland/Hordaland på høgde med NM-finalist, men Kim Daniel og Stian sitt lag rauk ut av medaljekampen.

Slått ut i siste sekund
Kai Daniel Øye, Stian Klakegg og resten av RO/HO landa på 5. plass i NM for U15-kretslag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. feb. 2017 08:29

I helga har NM i ishockey for U15 kretslag blitt arrangert i Hamar.

• Les òg: To frå Os tatt ut på kretslaget

Kretslaget Rogaland/Hordaland (RO/HO), med Kai Danien Øye og Stian Klakegg frå Søfteland, gjorde det nesten bra nok i innleiande rundar.

– Det blei to sigrar, to tap og éin uavgjort, fortel ein av trenarane, Dag Rune Klakegg frå Os.

Fekk 5. plass

Laget med to spelarar og éin trenar frå Os, var svært nær å koma i sluttspelet.

– Plassen rauk då det var eitt sekund igjen av kampen mot Tønsberg. Det var skuffande å ikkje nå sluttspelet, vi var trass 2-5-tap heilt på høgde med Oslo, som tok 2. plassen, seier Klakegg.

RO/HO vann 8-3 over BTV, spelte 3-3 mot H/O og sikra 5. plassen med 4-2 over H/O i siste kamp.

– Sjølv om dei veit at dei fint kunne kome litt lengre er gutane nøgde med helga, fortel Dag Rune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.