Sleepwalkers

LIVE minikonsert før filmen Los Bando!

Sundag 18/2 kl. 16:00 kan du sjå filmen Los Bando på bygdekino i Oseana http://www.oseana.no/nb/bygdekinoen-los-bando. Sleepwalkers opnar filmframsyninga med LIVE minikonsert i Oseanasalen (for dei som har billettar til filmen).
 
Filmen handlar om eit band som får plass i NM i rock, og fusabandet Sleepwalkers er eit av UKM-banda som vann konkurransen om å spele i filmen. Dei spelar deltakarar i filmens NM i rock, og no åpnar dei filmframsyninga i Oseana LIVE med gratis minikonsert i Oseanasalen for dei som skal sjå filmen.
 
 «Sleepwalkers er eit band frå Fusa som spelar rock n roll og har som mål å skape god stemning! Me har håp om å bringe tilbake høge hælar, leopardbukser og høg lugg. Treng du å riste laus og gløyme alle bekymringar ei lita stund? Då har du kome til rett band!»
 
Bandmedlemmar:
Natasja Smørholm, vokal
Marius Nilsen Kleppe, el.gitar
Andreas Nilsen Kleppe, bass
Even Engevik Lygre, el.gitar
Idar Rolland, slagverk
 
Konserten blir holdt i Oseanasalen og startar kl. 15:40 med slutt kl. 15:55. Filmen startar kl. 16:00.
 
 

Søndag, februar 18, 2018 - 15:40