Sport | 06. aug. 2016

Sleit seg til tre poeng

Anders Havsgård var den einaste osingen som fekk hull på byllen då Os slo Austevoll 1-0 laurdag.

Sleit seg til tre poeng
Anders Havsgård satte inn sigersmålet mot Austevoll (foto: Os Fotball)
Andris Hamrelørdag 06. aug. 2016 14:02

Første kamp etter ferien er alltid vanskeleg. Laurdag tok Os ferja til Austevoll for å ta opp på siste del av serien.

– Vi har hatt kjempegode treningar dei siste fjorten dagane, men det er noko anna å spele kamp. Første omgangen var skikkeleg kladdete, fortel Ørjan Håland, assistenttrenar til Os.

Mykje nesten

Heimelaget låg lågt og satsa på lange ballar og overganger.

– Dei gjorde det vanskeleg for oss. Det blei mykje nesten i 1. omgangen. Torgeir Lunde hadde rett nok eit kjempeskot i retning krysset, men der var Austevoll-keeperen oppe gitt.

Friske bein

I andre omgangen blei det etterkvart meir og meir tydeleg at Os var betre trent en heimelaget.

– Vi malte på. I tillegg fekk vi på friske bein med Anders Havsgård, Øystein Takle Eide og Thomas Lunde Fosen. Alle dei tre unggutane viste at dei ville gripe sjansen og framsto svært positivt. Det gjorde forsåvidt resten av laget òg, men det blei ein slite kamp.

– Vi hadde ein haug med sjansar, men ballen ville ikkje over mållinja før Anders fekk det til i det 80. minutt, fortel Håland.

Stillinga sto seg kampen ut og Os kunne sette seg på ferja heim med tre poeng i bagasjen.

– Vi slit oss til tre poeng i dag. Det var deilig før vi no skal ha to heimekamper i dei neste rundene, avslutter Håland.

Austevoll - Os 0-1 (0-1)

Os starta med: Andrew Todd, Knut Spangelo Haga, Endre Brenne, Torkel Hjertnes, Stian Lunde, Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm, Rafael Villen Villen, Hassan El Fakiri, Torgeir Lunde, Christoffer Hafsås.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.