Lokal | 10. apr. 2018

Slik blir 17. mai-ruta

Ein fråflytta sjukeheim gjer at 17. mairuta blir lagt om. – Vi håper det vil gje meir liv og publikum langs heile ruta.

Slik blir 17. mai-ruta
17.maitoget kjem også i 2018 å gå opp Finnebrekka til Hatvikvegen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 10. apr. 2018 11:31

Bildeserie:

Start blir på Os ungdomsskule, mål på Kyrkjeflaten (ill: kommunekart.com/AH)
Start blir på Os ungdomsskule, mål på Kyrkjeflaten (ill: kommunekart.com/AH)
1 av 1
Start blir på Os ungdomsskule, mål på Kyrkjeflaten (ill: kommunekart.com/AH)

Bebuarane på den gamle sjukeheimen flytta tidlegare i vinter opp på nye Luranetunet. Det gjer at 17. maikomiteen har måtte tenkja nytt i høve til kor 17. maitoget skal gå i år.

– Vi har jo visst at dette kom til å skje, så vi har allereie i fleire år tenkt på korleis vi skulle gjera det no når ingen møter oss på sjukeheimen lengre. Det å skulle gå heilt opp på Luranetunet blir for langt for dei med minst skostørrelse. Det å starta der oppe var heller ikkje ei aktuell løysing, grunna alle bilane som er med i toget. Det er rett og slett ikkje plass, fortel Kjetil Osablod Grønvigh og Stine Kobbeltvedt i 17. maikomiteen.

Tok på med seg GPS og skrittellar

Dei to har studert Google Earth og kommunekarta for å sjå på nye aktuelle ruter.

– Vi har vore innom mange ulike moglege løysinger, men det er ikkje enkelt. Nye krav til stenging av hovudtrafikkårer, som Byvegen, gjer at det er vanskeleg å gjera noko vestover.

– Difor tok vi på oss GPS-klokke og skritteljar og byrja å gå opp dei mest aktuelle rutene.

Kortare, men langt nok

Resultatet blei at dei har beslutta i stor grad å følgje den gamle ruta.

– Det vi har bestemt er at vi i år vil freiste ein ny rute kor vi følgjer mykje av en gamle. Vi startar på Os ungdomsskule, går Finnebrekka opp til Hatvikvegen og følgjer denne ned til Brugata. Der går vi inn i sentrum, kryssar Torget og går ut Øyro forbi Telthuskvartalet til Kyrkjeflaten.

– Vi har altså "berre" kutta ut Steinneset og Smiebakken, som har vore ei logistikkmessig utfordring i alle år fordi den er så smal og toget skal møta seg sjølv.

– Den nye ruta viste seg faktisk å vera på 1,8 kilometer og kjem nok til å ta ein liten halvtime å gå for små bein.

– Fordelen er at det kan bli eit tettare tog kor vi forhåpentlegvis slepp store mellomrom mellom deltakarane og kor vi får publikum heile vegen rundt. Vi får ikkje den sprekken og det heseblesande tempoet som vi har fått ned Smiebakken tidlegare.

– Vi skulle sjølvsagt gjerne ha vore oppom Luranetunet, men det lar seg rett og slett ikkje gjera.

– Ein annan ting er at vi også gjer nokre grep med rekkefølgjen i toget, slik at vi forhåpentlegvis får meir liv i heile toget. Allereie no vil vi oppmoda skuleklasser og barnehagar å øve inn hurra-rop og songar. Er det ein dag det er lov å nytta utestemme så er det når ein går i 17. maitoget, smiler dei to som avsluttar alle 5. klassingane om å koma med teikningar i konkurransen til forsida av 17. maiprogrammet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.