Lokal | 12. mai 2017

Slik blir 17. maifeiringa

Nygamal startplass for toget, ny rute gjennom sentrum, ny spesialskriven song og nye reglar for kva bilar som får vera med i toget.

Slik blir 17. maifeiringa
I år er scenen tilbake framfor det gamle kommunehuset på Kyrkjeflaten (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 12. mai 2017 12:14

17. mai-komiteen har i år vald å ikkje trykka og senda ut programmet for dagen slik som dei har gjort tidlegare.

– Hovudgrunnen er først og fremst eit miljøomsyn. Vi hadde eit opplag på over 7000 program som blei distribuert. Etter å ha følgd med i fleire år, såg vi veldig få av disse att når det kom til sjølve dagen. Folk er blitt så vande med å nytta seg av telefonen for å finna informasjon, at vi i år har vald å laga ein digital versjon. Vi kjem riktig nok til å skriva ut nokre program som ein kan få om ein henvender seg på kommunetorget, fortel Stine Kobbeltvedt.

– I tillegg har vi snakka med Bergen kommune, som kutta ut det trykte programmet i fjor. Erfaringa deira var at det hadde gått heilt fint. Dei eineste som klagde var dei som samla på 17. maiprogram, supplerer Kjetil Osablod Grønvigh.

Her finn du 17. maiprogrammet for Os og krinsane

Ny rute for toget

Etter å ha starta toget dei siste åra på grusbanen ved kyrkja er starten no tilbake på skuleplassen framfor Os ungdomsskule.

– Det er fleire grunnar til det. Den eine er at ein slepp støv og søle på flotte festdrakter når vi ikkje lenger har det på grusbanen. Den andre er at vi får skjerma arrangementet i minneparken, slik at det får den ramma det fortener. Når vi har hatt oppmøte på grusbanen, så har dette blitt litt forstyrra.

Ruta går så frå skuleplassen over gamlebrua opp Finnebrekka over Hatvikvegen til sjukeheimen. Derfrå går toget ned Smiebakken, ut på Hatvikvegen og inn Brugata ved iSushi. Toget kryssar så torget og går gjennom Øyro før det svingar inn til Telthuskvartalet og Kyrkjeflaten ved Nordisk Rom.

– Dette kjem som følgje av innspel vi har fått på at vi må jo bruke sentrum no som det har blitt så fint, fortel dei to.

Stengjer sentrum

For å få plass til toget vil sentrum bli stengd for biltrafikk frå klokka 21.00 den 16. mai til klokka 15.00 den 17. mai.

– Vi tømmer sentrum for bilar for å gi plass til toget. Parkeringsplassen framfor Rådhuset vil sjølvsagt vera tilgjengeleg, men vi oppmodar folk om å reise kollektivt eller saman.

Slutt på store bilar

Også i år vil det bli bilar i toget, men ikkje lastebilar, traktorar eller busser.

– Det er etter ein beskjed frå lensmannen av omsyn til tryggleiken til dei som går i toget og dei som står og ser på det. Russebilane og mindre bilar skal framleis få lov til å vera med, men dei må meldast inn, med sjåfør, på førehand.

– Éin ting vi ønskjer oss meir av i toget er musikk. Om det er korps i bygda som ikkje har blitt spurd, set vi veldig stor pris på om dei har lyst til å vera med. Det er berre å stilla, eller ta kontakt, så har vi plass til dei.

Spesialskriven song

Programmet på Kyrkjeflaten følgjer den tradisjonelle lesten med ord for dagen, i år frå elevar ved Kuventræ skule, hovudtale og song.

– Årets hovudtalar er kulturleiar i Fusa kommune, Erik Vangsnes. Han er osing, no busett i Fusa. Vi skal jo bli éin kommune, så det er naturleg å invitera Erik til å snakka om årets tema; Identitet.

– Av musikalske innslag gler vi oss til alle, men det skal bli spennande å høyre urframføringa av Bente Brattlund si omskriving av Ja, vi elsker. Ikkje nasjonalsongen, men Klovner i Kamp sin versjon.

– Eg såg Benny Borg hadde ein vri av den på «Hver gang vi møtes» på TV2 og tenkte at det hadde vore tøft å få ein Os-versjon av den. Bente tok oppdraget, noko som blir utruleg spennande å høyra, avsluttar Kobbeltvedt.

Tradisjonen tru avsluttast dagen i Oseana med Osøren Jazzensemble klokka 17.

Her finn du programmet og kan sjå alle teikningane som er sendt inn til årets program

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.