Slik ser dei fire bølgjebrytaren ut på fotomontasjoen i planomtalen (ill: Os kommune/ABO Plan & Arkitektur AS)

Slik blir bølgjebrytarane

Sjå dei første illustrasjonane. No er reguleringsplanen for bøgjebrytarane som skal temje Os hamn klar for offentleg ettersyn.

image
image
image
Av: Andris Hamre

I neste veke skal plan- og bygningsutvalet ta stilling til om reguleringsplanen for Ytre Hamnebasseng, Osøyro (bølgjebrytarane, journ.mrk) skal leggast ut til offentleg ettersyn. Os kommune er tiltakshavar for planarbeidet, medan ABO Plan & Arkitektur AS er engasjert som plankonsulent.

– Føremålet med planarbeidet er å regulere for skjerming av Os hamn med inntil 4 bølgjebrytarar med tilhøyrande fortøyingar. I planarbeidet vil ein avklare arealmessige konsekvensar ved plassering av bølgjebrytarar, samt vurdere konsekvensar tiltaket kan få for tilkomst og bruk av hamna, heiter det i innleiinga til planarbeidet.

Endeleg plassering av bølgjebrytarane er enno ikkje fastlagt, det er difor teke med eit større område i planarbeidet enn naudsynt.

Viser god effekt

Fredag 9. desember kom den første av dei fire planlagte bølgjebrytarane på plass ved Oseanamoloen som ein test og eit forsøksprosjekt for å hausta erfaring og data.

– Det er montert måleutstyr på fortøyingslinene for å undersøke krafta som vert påført i samband med bølgjer, vind og straum frå Os elva og sjø. ..erfaringane så langt viser god effekt for hamnebassenget innanfor, skriv administrasjonen i utgreiinga til politikarane.

Les òg:
No blir bøgedemparen forankra 
Bølgedemparen sin første test 

62 meter seglingsopning

Dei planlagte plasseringane av dei tre siste bølgjebrytarane vil i følgje saksutgreiinga gje ei maksimal seglingsopning på omlag 62 meter.

– Det vert også ei seglingsopning mot aust mellom bølgjebrytarane og Steinneset på ca. 15 meter. Djupna i seglingsopninga vil vere ca 15 meter med fullt strekk på fortøyingslinene. Plasseringa av bølgjebrytarane er noko lenger ut enn eksisterande moloar som markere fartsgrensa på 5 knop. Dette medfører at fartsnedsettinga for båtar og fartøy vil bli flytta ca 70 meter lenger ut i hamnebassenget.

– Større fartøy vil få noko meir vanskeleggjort tilkomst til hamneområdet og må manøvrere seg inn frå sørvest.

Større risiko for smolten

Rådgivande Biologar AS (RB) har gjort ei vurdering på vegne av kommunen i høve naturmangfaldslova. Den syner at det ikkje er venta at tiltaket vil ha nokon negativ effekt på sjøfuglane i området.

– Oselva er registert som vassdrag med vandrande laksefisk og elvemusling. RB konkluderer med at smolten er i stand til å møte forholdene i sjøen på en forholdsvis fleksibel måte og at dei heilt sikkert vil finne vegen ut. Men sidan strømningsbildet er meir komplekst, er det noko større risiko for at smoten blir spist av fisk eller fugl på vegen. Men RB anser det som ikkje sannsynleg at bølgebryterne vil påvirke gytelaksen sin oppvandring eller vandringshastighet i betydelig grad.

Samstundes syner ein straumningsanalyse at bølgjebrytarane i større grad vil blokkere utstrøyninga av ferskvatn frå Oselva. 

– Saltinnhaldet i vatnet innanfor hamnebassenget vil derfor bli redusert. Straumforholda i hamnebassenget vil bli redusert, men overflatestraumen mellom bølgjebrytarane vil bli sterkare. Det kan oppstå vertikale virvlar nært bølgjebrytarane, heiter det i vurderinga frå administrasjonen.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Nye Flesland

19. august 2017

Les om arkitekturen og kapasiteten - og se liste over de nye butikkene og restaurantene.