Lokal | 14. jan. 2014

Slik kan Osøyro bli

Tydelege drag: Sånn ser rådgjevarane for seg Osøyro i framtida.

Slik kan Osøyro bli
Slik kan Osøyro bli. Grønt=parklignande område, raud=byrom, gult=bustadar, blått=promenade langs elva (ill: Asplan Viak)
Andris Hamretirsdag 14. jan. 2014 18:15

I samband med Bergenskonferansen i Bergen tysdag nytta eit utvida formannskap høvet til å få presentert stads- og moglegheitsanalysen kommunestyret har bestilt frå Asplan Viak.

– Landskapsformene rundt Osøyro følgjer geologien.

– Det gjev moglegheiter. I sentrumsona er det mykje å gå på, sa Fredrik Barth frå konsulentselskapet då han starta presentasjonen.

Treng bustadar

Skal ein få eit levanda og kraftig Osøyro treng ein bustadar. I dag ligg det om lag 3.124 bustadar innanfor 10 minutt sykkelavstand frå sentrum.

Fram mot 2030 er dette venta å auka til 4268, viser analysen.

– Det er kanskje ikkje rart næringslivet på Osøyro ikkje opplever at dei blir besøkt når det ikkje bur folk der.

– Få opp bustadsutviklinga i sentrum, var den klare anbefalinga frå Barth.

Tydelege drag

I moglegheitsanalysen trekk Asplan Viak opp det dei kallar tydelege drag av utvikling.

– Skal ein bygga bustadar er det krav om uteareal per bustad. Dette kan ein løysa ved hjelp av offentlege grøntområde, forklarte rådgjevaren, og presenterte ei grøn akse frå gjestebrygga via offentleg park framfor rådhuset og vidare opp via kyrkjeflaten til ungdomsskulen.

På tvers av grøntdraget har konsulentselskapet foreslegen eit bydrag kor butikkane vender verksemda si ut mot gata.

– Vi tilrår at ein opprettheld køyring inn i byrommet, i alle fall fram til det kjem så mykje folk at det ikkje blir plass til bilane.

– Legg parkering og fortau mot sør og butikkar og kafear mot nord slik at desse ligg i sola.

Langs Oselvo såg Barth for seg ein promenade frå Landboden til Oseana, kor ein knyttar begge sider av Oselvo saman med gangbroer. Bustadane ville han plassera i eit drag mellom grøntdraget, byrommet og elva.

– Alle gatene treng ikkje innhald med éin gong, men de må ta dei strategiske vala no, påpeika Barth.

Midtsiden kjem tilbake med meir frå presentasjonen og reaksjonar onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.