Lokal | 05. sep. 2017

Slik snakkar du med barna om MDG

Lesarinnlegg: Søviknes og statsministeren åtvarar mot MDG. Er verkeleg eit lite, grønt parti så farleg for landet vårt?

Slik snakkar du med barna om MDG
Lokale MDG-politikarar etter dørbankaksjon på Nore Neset søndag. (Foto: MDG Os)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. sep. 2017 20:37

Oljeminister Terje Søviknes åtvarar mot Miljøpartiet Dei Grøne på innpust og utpust. Statsminister Erna Solberg har uttalt at Noreg vil stoppa med MDG. Er verkeleg eit lite, grønt parti ein slik trussel mot landet vårt?

Det er kanskje litt ufint å setja trusselbiletet til Erna og Terje opp mot det som burde uroa oss i dag. Vi dristar oss likevel frampå: Ein skjør, skjør terrorbalanse med diktatoren i Nord-Korea på eine sida og USAs president på hi. Stadig råare, meir ustyrleg og øydeleggjande ekstremvêr som orkanen Harvey og flaumen i Sør-Asia. Radikalisering og migrasjon i kjølvatnet av brutale, tilsynelatande evigvarande konfliktar.

Men det er ikkje dette som tek nattesøvnen frå den norske oljeministeren. Som han skriv sjølv på Facebook, der han fører eit utrøytteleg korstog mot MDG: «MDG er farleg for arbeidsplassar og velferd…». Intet mindre enn ein katastrofe blir det dersom MDG får noko å seia. Hadde oljeministeren møtt ånda i flaska og fått oppfylt eitt ønske, hadde han sikkert heller kvitta seg med MDG enn klimaendringane.

Til alle de som har høyrt skremminga til Terje Søviknes og lurer på om MDG er farlege. Nei, vi er ikkje farlege. MDG er tvert om bra; bra for klima, bra for miljøet, men først og fremst veldig bra for eittåringar, femåringar og tiåringar som skal vera lenge på denne kloden. Vi jobbar knallhardt for at dei ikkje skal sitja igjen med rekninga etter vår fest. Det meiner vi er både urettferdig og utrygt. Vi har dette eine koldtbordet å forsyna oss frå, og det skal rekka til dei som lever på jorda i dag, og til dei som kjem etterpå.

Rett nok er det god grunn for ministeren til å bite negler og uroe seg nett no. For det er ikkje berre MDG, dette utskotet av eit mikroparti, men også store lag av folk flest som no tek til orde for at hans oppfatning av verda ikkje er riktig. 4. sept skreiv Aftenposten på leiarplass at MDG si gründerpolitikk og ønskje om å skape 150.000 nye arbeidsplassar for å erstatte dei som fell vekk i oljeindustrien er heilt rasjonelt. I same avis, same dag, var politisk redaktør ute og snakka om kor enormt risikabelt det er for Noreg å legge alle dei økonomiske egga sine i fossilkorga. Det same meiner næringslivstopp Jens Ulltveit-Moe i eit intervju i Dagens Næringsliv. Også DNV GL var ute denne dagen i avisa E24 og presenterte sine analysar av energimiksen og energibruken framover. Dei reknar med at oljetoppen kjem rundt 2022 - det er 5 år til det! Samstundes kan Finansdepartementet fortelle at avkastninga frå oljefondet no er større enn pengestrømmen frå oljenæringa. Også Statoil sin sjefsøkonom veit kva som må til for å få til ei meir berekraftig framtid. Han veit òg at det ikkje skjer av seg sjølv.

Sjølv om det av og til kan verka slik, er det ikkje MDG som har funne på global oppvarming og økonomisk risiko. Verdas klimaforskarar er samde i at det er utsleppa våre det siste hundreåret som forklarar dei klimaendringane vi alt ser og dei som kan koma. Dersom vi ikkje kuttar utsleppa, får vi heller ikkje orden på klimaet. Då får vi meir av alt slags dårleg vêr, havstiging, tørke og flaum. MDG meiner at ei slik utvikling er ein større fare for menneska enn at vi må byrja å sjå oss om etter andre levevegar enn olje og gass. Heldigvis er det veldig mykje anna vi er gode på i Noreg. Blant anna er det tal som viser at alt om tjue år kan fisk, skaldyr og alt det andre vi haustar frå havet vere meir verdt enn olja og gassen. Det betyr at vi kjem til å klara oss godt – også utan olje. Energi kan vi heldigvis få frå andre kjelder som sol og havvind. Truleg er det ikkje så lenge før desse energikjeldene er både billegare og lettare å få tak i enn olje.

Kvifor oljeministeren – som også er energiminister – nesten aldri snakkar om det, veit vi ikkje. Kanskje han inst inne eigentleg er mest redd for kinesarane – som er over ein milliard menneske – og som er på veg over på solenergi. Når det skjer for fullt, kjem ikkje dei til å kjøpa særleg mykje olje eller gass lenger. Det er berre bra for oss og resten av verda, men kanskje ikkje så bra når du er oljeminister.

Knut Børgesen, Marie Hauge og Nils-Anders Nøttseter
Miljøpartiet Dei Grøne Os og stortingskandidatar for MDG

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.