Lokal | 14. des. 2017

Slit med å bli kvitt båtvraka

Kommunen har heist fleire båtar på land, men slit med å bli kvitt vraka.

Slit med å bli kvitt båtvraka
Denne båten ligg framleis på land, vel to år etter at den blei fjerna frå Os hamn (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 14. des. 2017 09:21

I Plan- og bygningsutvalet torsdag i førre veke fortalde kommunalsjef Aina Tjosås at kommunen sleit med å bli kvitt båtvraka dei heiste på land sommaren 2015.

Båtane ligg no på den kommunale tippen på Brandsneset.

– Når det gjeld båtane, så er dette ei utruleg komplisert sak. Så snart dei er på land så er det andre lovverk som gjeld, forklarte Tjosås.

Tungvint system

Kommunalsjefen fortalde vidare at dei hadde håpa at den nye ordninga med vrakpant på båtar skulle ha gjort det enklare, og billigare, å bli kvitt vraka, men desse båtane er for store til å bli omfatta av ordninga.

– Vi har fått stadfesta tvangsgrunnlag for krav i forliksrådet. Saka ligg no hos namnsmannen og vi må venta på at han handterer det vidare. Vi har purra og purra, men det har foreløpig ikkje kome til ende.

– Vi har sagt at vi kan kjøpa båten, slik at vi blir rettmessige eigar og kan få vraka den, men då har namnsmannen sagt at vi må transportera den til ein salsmedhjelpar som så kan selja den til oss.

– Vi må altså frakte båten bort for å kjøpa den, før vi kan frakta den opp igjen til Os for så å transportera den til deponering.

– Uansett så er vi nøydd til å ha ein plan på korleis vi skal handtere saker som dette. Dei er utruleg tidkrevande, påpeika Tjosås.

Må ta hand om dei

Espen Aspenes (Frp) understreka at det ikkje var eit alternativ å ikkje ta hand om forlagte båtar.

– Det er ikkje ei løysing for oss som kommune å ikkje ta båtar som forsøplar hamnene på land. De må berre sjå om det er ein kjappare måte å komma til målet, sa Aspenes.

– Nei, det er absolutt ikkje eit alternativ å ikkje ta dei på land, men det må berre gå sin gang. Desse tinga tek tid, men vi har eit godt samarbeid med brannvesenet som har hamneoppsynet. Vi freister å rydda opp i forureiningssaker, svara kommunalsjefen.

Ligg framleis i Sogn

Gustav Bahus (Frp) fortalde at Seibuen, som låg til kai ved Halhjem, og blei teke hand om tidlegare i sommar, også ligg på land sjølv om den er frakta til opphogging.

– Seibuen blei overtatt og tatt til ein opphoggingsplass i Sogn. Der står den framleis på land. Dei kan ikkje hogga den opp fordi det viste seg at det er ein fiskekvote tilknytta båten. Dermed er verdien på båten plutseleg blitt veldig høg grunna kvota.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.