Sport | 02. sep. 2017

Slit med å skåra

Os tapte 1-2 for Fylllingsdalen heime på Kuventræ laurdag.

Slit med å skåra
Osspelarane hang med hovudet etter 1-2 tapet for Fyllingsdalen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 02. sep. 2017 14:33

Det blei ein underhaldande og artig kamp mellom to spelande lag då Os tok i mot Fyllingsdalen heime på Kuventræ laurdag ettermiddag.

Os gjekk opp i 1-0 etter 20 minutt. Målet kom etter ein dødball som Erik Kanestrøm slo inn foran mål. Der var Endre Brenne på plass og satte den bak Fyllingsdalen-keeperen.

Berre 18 minutt seinare står det likt i målprotokollen etter at ballen trillar under foten til keeper Thomas Hille etter eit tilbakespel frå Knut Spangelo Haga.

– Det er slik som skjer av og til når vi vel å spele på den måten vi gjer, sier assistenttrenar Ørjan Håland.

Os - Fyllingsdalen 1-2 (1-1)
Os sitt lag: Thomas Hille, Alexander Dale, Knut Spangelo Haga, Endre Brenne (Alexander Tøssebro), Divaldo Cardoso, Erik Kanestrøm, Rafael Villen Villen, Hassan el Fakiri, Torkel Hjertnes (Øystein Takle Eide), Skage Simonsen Lehland, Torgeir Lunde.

1-2 kjem etter 77 minutt. Os er i angrep, men mistar ballen og Fyllingsdalen kom på ei kontring kor ballen går raskt i lengderetningen og Osforsvaret blir utspelt.

– Eg tykkjer det var ein gøy og underhaldande kamp med god fotball begge veger. Vi produserer masse sjanser, men vi har det problemet at vi ikkje skårar mål. Det er vi nøydd til å løyse. Det blir ein tøff haust, oppsummerar Håland.

Os ligg etter kampen på åttande plass, seks poeng over nedrykkstreken.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.