Slo Bart Swings
Sverre tapte for parkamerat Sven Kramer og missa pallplassen, men opna sesongen med ei grei tid og plassering midt på treet.
Sven Kramer vann 5000-meteren i dagens verdscupopning i Japan og tok saman med fire andre nederlendarar 5 av dei 7 øvste plassane.
Kramer vann på tida 6.20.90.
Sverre Lunde Pedersen kom i mål på 6.28.99 og landa på 8. plass av 16 løparar.
– Det blir litt stang ut for Sverre i dag. Først missa han pallplassen, så fekk han nokre svake rundetider mot slutten, sa NRK-kommentatoren då løpet blei sendt på NRK fredag morgon.
– Han er berre fire sekund frå pallplass og det er tider Sverre skal kunna slå. Samtidig har han fleire gode løparar, som Bart Swings, bak seg på resultatlista.
Les òg: I par med Kramer
Søndag går Sverre 1500 meter i japanske Obihiro.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.