Fotball | 23. okt. 2017

Slo botnlaget 8-1

Nore Neset vann med begge lag, Søfteland tok ein ny siger, Os 3 blei vippa ned frå toppen og Os 2 tok ein braksiger.

Slo botnlaget 8-1
Anders Havsgård, her på heimebane mot Sædalen, skåra to for Os 2 borte mot Inter Bergen i går. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. okt. 2017 10:31

Mens det i helga var opp- og nedrykksdrama i 3. divisjon, ei serieavslutting verken Os eller Lysekloster kom godt ut av, såg det lysare ut for laga frå 5. til 7. divisjon.

• Søfteland sikra med 5-4-siger over Halsnøy 4. plassen, som var målet med sesongen, og kan klatra til 3. plass i siste runde.

• Nore Neset kjempa seg opp frå botnen av si avdeling med 4-3-siger over Nymark borte, mens Nore Neset 2 slo Smørås 3 3-2 i 7. divisjon.

• Os 3 kunne tatt tilbake førsteplassen med siger over serieleiar Loddefjord, men spelte 1-1.

Os 2 spelte mot tabelljumbo Inter Bergen og vann heile 8-1.

– Frykteleg gode offensivt

Os 2-trenar Karl Kvile er nøgde med at selarane heldt trøkket oppe gjennom heile kampen.

– Inter Bergen har ein del gode spelarar, men er ikkje godt trent. Det var stor forskjell på laga, men eg er nøgd med at vi ikkje blei arrogante, at vi sto distansen ut.

– Vi har blitt frykteleg gode offensivt, og skåra bra med mål denne sesongen.

Os har skåra 73 mål, berre Bergen Nord med 93 har fleire. Men Os har òg heile 59 baklengsmål.

– Må bli smartare

Kvile hadde håp om å halda nullen, men gjestane fekk seg ei redusering.

– Vi har ikkje kome så langt med det defensive denne sesongen, som det eg hadde håpa på.

– Vi må bli flinkare til å rydda unna i eigen boks, og smartare i enkelte fasar av kampen.

Kvamsdal i toppskårarposisjon

Anders Havsgård, som har spelt 14 kampar (2 mål) med A-laget i år (mot 18 i fjor), spelte i går sin femte med Os 2. Då skåra han òg sitt mål nummer 5 og 6 i 5. divisjon for sesongen, i tillegg til to assist.

Toppskårar på Os 2 er Steffen Kvamsdal, som sto jamt med Vegard Hjelle før han i går skåra sitt tiande for sesongen, kampens første mål i går.

Os 2 - Inter Bergen 8-1 (4-0)
Målskårarar, Os 2: Anders Havsgård 2, Steffen Kvamsdal, Daniel Bjørnevik, Kristoffer Røttingen, Marius Lyssand, Fabian Bødtker og Steffen Ljosheim.

Os 2 ligg på 6. plass og kan klatra til 4. plass i siste serierunde, som for Os sin del går borte mot Gneist 2.

TABELL OG TERMINLISTE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.