Sport | 07. feb. 2016

Slo eit toppa Gneist-lag

Osherrane fekk det tøft mot eit toppa Gneist-lag, men drog i land 31-29-siger med god hjelp av dei heimvente, Isak Røen og Arne Haugland.

Slo eit toppa Gneist-lag
Arne Haugland var tilbake i den gule Os-drakta og blei toppskårar saman med Jørgen Wold. Dei skråa 10 mål kvar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 07. feb. 2016 21:08

Bildeserie:

Jørgen Wold skåra som Arne Haugland 10 mål (foto: AH)
Jørgen Wold skåra som Arne Haugland 10 mål (foto: AH)
Isak Røen putta 7 mot Gneist (foto: AH)
Isak Røen putta 7 mot Gneist (foto: AH)
Det blei tøffe tak. Her skaffar Isak straffe etter ei ulovleg Gneist-takling (foto: AH)
Det blei tøffe tak. Her skaffar Isak straffe etter ei ulovleg Gneist-takling (foto: AH)
1 av 3
Jørgen Wold skåra som Arne Haugland 10 mål (foto: AH)
Isak Røen putta 7 mot Gneist (foto: AH)
Det blei tøffe tak. Her skaffar Isak straffe etter ei ulovleg Gneist-takling (foto: AH)

Os kom godt i gang bort mot Gneist søndag kveld. Temposterke Isak Røen og Arne Haugland, som båe har kome tilbake til klubben etter nyttår, drog med seg dei andre og løp gang på gang gjennom Gneist-forsvaret. I løpet av dei tre-fire første minutta var Os oppe i 4-1.

Men Gneist hadde òg noko å by på. Til kampen hadde dei henta heim to av spelarane som til dagleg spelar med Viking TIF i 1. divisjon (Gneist og Viking er partnerklubbar som mogleggjer dette, journ.mrk). Ein av dei, tidlegare Osspelar Samson Bjørke Kallestad visste òg kor målet står og noterte seg for 8 mål mot gamle lagkameratar.

– Det var eit toppa Gneist-lag vi møtte i dag. Det gjorde at det blei ein god kamp, med til tidar godt angrepsspel av båe lag, skryt Ostrenar Kenneth Husebø etter kampslutt.

– Hadde Gneist stilt med desse gutane i kvar kamp, og vi hadde spelt som dette i kvar kamp, så hadde begge laga lagt på heilt andre plassar på tabellen.

20 gode forsvarsminutt

Etter den gode starten til Os kom Gneist tilbake og det blei ein jamn og tett omgang, kor vertane kunne gå til pause med eitt måls-leiing. Gneist startar best også i 2. omgangen og skårar tre raske mål, før Osherrane vakner.

– Frå 5 til 25 minutt i 2. omgangen er eg særs nøgd med forsvarsspelet vårt. Då står vi bra saman og snur kampen i vår favør.

Os går i den perioden frå å ligga fire mål bak til å komma fem mål foran.

Mange tekniske feil

Framover på banen er òg Husebø nøgd, men ser at det er ting som trengs rettast på.

– I haust var vi veldig disiplinerte i angrep. Med meir fart i form av Isak og Arne blir det høgare tempo, men òg litt fleire tekniske feil. Vi må jobba med å finna balansen mellom det disiplinerte og det frie, oppsummerar Husebø.

Gneist - Os 29-31 (15-14)
Utv: Gneist 2x2 min, Os 5x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Jørgen Wold 10, Nils Andris Hamre, Ove Lyssand 2, Peder Lyssand, Joachim Blostrupmoen 2, Isak Røen 7, Sivert E. Drange, Arne Haugland 10, Kasper Færøvik, Ludvig E. Drange, Hans Brunvatne

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.