Sport | 05. des. 2017

Slo Polen i VM

Emilie Christensen fekk sjansen då Noreg leverte sin beste kamp så langt i VM.

Slo Polen i VM
Emilie Christensen fekk ti minutt då Noreg banka Polen tysdag kveld (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 05. des. 2017 20:56

Som i kampen mot Argentina fekk Emilie Christensen sjansen etter 42 minutter mot tysdagens kamp mot Polen. og fekk 10 minutt då Noreg banka Polen 35-20 tysdag.

Noreg leia 27-16 då Christensen kom inn, etter det som hadde vore Noreg sin beste kamp så langt i VM.

Raske kontringar

Noreg satte forsvaret og løp over Polen med raske og presise kontringar, noko Emilie bidrog med frå sin posisjon som venstre back i forsvar den tida ho spelte.

I angrep fekk ho oppgåve med å styre det norske spelet som midtback og speleoppleggar.

– Vicky (Veronica Kristiansen, journ.mrk) og Nora (Mørk, journ.mrk) må hjelpe Emilie med det, var beskjeden frå landslagstrenar Thorir Hergeirsson i timeouten før Christensen kom inn.

Prøvde seg

Emilie prøvde seg på eit par avslutningar, men lykkast ikkje heilt slik som mot Argentina då ho skåra sitt første mål på A-landslaget.

– Vi må ha litt meir fart i angrepsspelet, var ordren frå landslagstrenaren med ti minutt igjen av kampen.

Diverre fungerte ikkje konstellasjonen med Kristiansen, Christensen og Mørk heilt. I staden bytta Hergeirsson ut Christensen igjen til fordel for ein anna meisterskapsdebutant, Helen Gigstad Fauske.

Skuffa over eigen innsats

Emilie var ikkje heilt nøgd med eigen innsats og forsvann i garderoben rett etter kampen.

– Eg er litt skuffa over eigen innsats når eg først fekk moglegheiten. Dette er kva ein trenar for kvar einaste dag, så det blir litt ekstra tungt når det ikkje går veien, forklarer Emilie til TV 2 etter kampen.

Det norske laget stilte litt redusert med Heidi Løke og Emilie Hegh Arntsen ute. Dei to blei nemleg matforgifta etter at laget var ute og spiste middag måndag kveld.

Noreg er framleis ubesigra og er klare for åttendelsfinalen i VM.

Neste kamp for handballjentene er torsdag klokka 20.30 mot Tsjekkia.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.