Vilde Drange Veglo og Madelen Koldal Holme var med då Noreg slo Russland 4-1 i Italia onsdag (privat foto)

Slo Russland 4-1

Vilde og Madelen frå start då Noreg tok sin fjerde strake siger.

Av: Andris Hamre

J16-landslaget speler den neste veka fire kamper i Italia, kor dei møter Russland, England og Japan.

I åpningskampen blei det 4-1-siger over Russland, med både Vilde Drange Veglo og Madelen Koldal Holme på banen frå start.

– Kampen blei spelt på ein forferdeleg fotballbane. Den var hard, humpete og hadde store sår. Det er skuffande at vi måtte spele på ein så dårleg bane mot så god motstand, seier landslagstrenar Børge Sørensen til fotball.no.

Assist frå Madelen

Russland tok føringa i kampen, men det var Noreg som skåra det første målet. Etter 22 minutt får Noreg frispark som Madelen Koldal Holme slår inn foran mål, kor Mille Aune flikkar ballen vidare i mål.

Noreg auker til 2-0 før pause, før dei er uheldige og skårar sjølvmål like etter kvilen. Men jentene gir seg ikkje med det og set inn to mål til før kampen er over.

– Russland plaga oss litt i starten og hadde eit overtak. Vi fekk til lite med ballen i dag, og beherska ikkje forholda. 

– Det som er bra i dag er at vi viste at vi likevel behersker ein kamp som dette. Vi hadde ein tydeleg plan for korleis vi skulle spele, men måtte endre den då vi såg korleis banen såg ut. Då handla det eigentleg berre om å vinna.

– Det blei ein fortent siger til slutt og vi kom frå kampen utan skader. Vi blei betre kjent med nokre nye i laget og vi fekk utnytta spisskompetansen til enkeltspelarar, oppsummerer Sørensen, som har leia laget uten tap i år. Dette var J16-landslaget sin fjerde strake siger, før dei i dag (torsdag) måter England klokka 15.