Sport | 24. feb. 2017

Slo serieleiaren på heimebane

Håpet om opprykk brast for eit par veker sidan, men Nore Neset viste at dei høyrer til i toppen.

Slo serieleiaren på heimebane
Marte Haugsdal, her i kamp mot Åsane før jul, blei toppskårar mot Tertnes. (Foto: Gry Offernes)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. feb. 2017 07:35

Bildeserie:

Nore Neset gjekk for opprykk til 4. divisjon. (Foto: Gry Offernes)
Nore Neset gjekk for opprykk til 4. divisjon. (Foto: Gry Offernes)
1 av 1
Nore Neset gjekk for opprykk til 4. divisjon. (Foto: Gry Offernes)

Nore Neset sitt damelag slo serieleiar Tertnes med 6 mål heime i Nore Neset Aktivitetshus tysdag.

Marte Haugsdal blei toppskårar med 9 mål, rett bak kom Frida Sælen Lyssand og Charlotte Pedersen med 7 mål kvar.

– Det var godt med siger mot god motstand. Vi låg bra an på nyåret, men så kom eit par tap som eg ser på som unødvendige, seier trenar Fredrik Andresen.

– Jentene var heilt tydeleg instilte på å visa at dei kan. Vi har eit ungt lag, supplert med litt rutine, men har dessverre variert nok i prestasjonane til at vi klarer opprykket.

Nore Neset - Tertnes 42-36 (21-16)
Nore Neset: Ann Kristin Lyssand, Elisabeth Frøyset 2, Trude Tysnes 3, Emma S. Lyssand 6, Charlotte Pettersen 7, Frida S. Lyssand 7, Marielle Engelsen, Marte Haugsdal 9, Nora Berge 5, Monica Engelsen, Cecilie Edvardsen, Camilla Olsen, Stine Sætran og Maria Sørstrønen.

Nore Neset hadde mål om opprykk til 4. divisjon før sesongstart i haust. Sesongen starta med berre éin siger på dei første fem kampane, men to av tapa var med til saman tre mål og éin av dei fem kampane var uavgjorte.

Frå starten på desember følgte fem sigrar på rad, men så tapte dei for NHHI 2 og Kleppestø i dei to rundane før møtet med serieleiaren.

Nore Neset ligg no på 5. plass på tabellen.

I dei to siste rundane møte Nore Neset Løv Ham (2. plass) borte og Fitjar (9. plass) heime (30/3).

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.