Lokal | 14. apr. 2018

Slo vakt i brystet, blei køyrd i arresten

Ungar vakna av mopedistar som leikte seg, rusa mann blei henta av ambulanse og ein «generelt provoserande» kar blei køyrd i arresten.

Slo vakt i brystet, blei køyrd i arresten
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. apr. 2018 07:39

Ein mann i 40-åra blei køyrd til overnatting i arresten etter ikkje å ha retta seg etter pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum. I forkant hadde han prøvd å koma seg inn på ein utestad.

– Han framsto som dritings og usamanhengande, og fekk beskjed om at han ikkje fekk koma inn, fortel ein dørvakt på staden til Midtsiden.

Først gjekk han frå staden, så kom han tilbake og stilte seg opp på motsett side av vegen. Då politiet kom forbi sjekka dei mannen, og han blei aggressiv. Han skal ha slått eller skubba vakten hardt i brystet før politiet fekk han med seg.

– Vedkomande blei tatt med til arresten i Bergen og er meldt for kroppskrenkelse, fortel Tatjana Knappen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Stor mopedgjeng vist vekk frå Nore Neset

Klokka 21.50 fredag kveld fekk politiet melding om at ein gjeng på rundt tolv ungdomar på moped og skuter hadde samla seg ved skulane på Nore Neset.

– Innringar fortalte at det var mykje støy frå køyring på plassen, så mykje at ungar vakna av det.

– Ungdomane fekk pålegg om å fjerna seg, noko dei etterkom.

Henta rusa mann

Politiet fekk melding om ein rusa mann som gjekk langs Byvegen og som ikkje såg ut til å vera i stand til å ta vare på seg sjølv.

Ambulanse rykte ut for å undersøka mannen.

Røyk frå terreng

Fredag ettermiddag, klokka 16.44, kom det melding om mogleg grasbrann.

– Dette var i Lepsøyvegen mellom Særvold og Storum. Brannvesenet rykte ut, men skal ikkje ha funne røykkjelda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.