Lokal | 14. mai 2017

Slostkamp ved Esso

Fem personar skal ha braka saman ved Essoen natt til søndag. Politiet har sikra seg video.

Slostkamp ved Esso
Då patrulja kom til staden var berre ein av dei fem involverte der framleis (ill.foto: KVB)
Andris Hamresøndag 14. mai 2017 07:12

Klokka 0350 fekk politiet melding om ein slåstkamp ved Esso-stasjonen i Os sentrum.

– Då patrulja kom dit var det berre ein av partane som var igjen der. Vedkommande hevnda han var fornærma i saka og sa han ville anmelde det over helga. Vi har sikra oss video av handinga, men er også interessert i vitneobservasjonar, som om nokon såg hendinga, så er det fint om dei kontaktar politiet, seier politiførstebetjent Christine Grindstein ved Os lensmannskontor.

Blei vist vekk

Tidlegare på kvelden blei ein mann i tenåra vist vekk frå sentrum.

– Han hadde vore i diskusjon med ein av vaktene på ein uteplass i sentrum. Politiet gav han pålegg om å halde seg borte frå sentrum, noko han etterkom.

– Patrulja har òg gitt nokre åtvaringar for køyring i sentrum i det tidsrommet det ikkje er lov.

På dagen laurdag gjennomførte politiet ein trafikkontroll på Søfteland kor 63 bilar blei kontrollert. Tre av dei fekk reaksjonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.