Lokal | 29. apr. 2016

Småbarnsmor sparka politiet

Ho likte ikkje at politibetjenten skulle snakka med kameraten hennar, som sto og drakk på offentleg stad.

Småbarnsmor sparka politiet
Kvinna blei køyrd til Bergen, men slo seg vrang på legevakta. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. apr. 2016 06:59

Natt til søndag ei helg i august i fjor blei ei kvinne i 30-åra tatt med til arresten grunna vald mot offentleg tenestemann.

Tiltalte hadde saman med nokre venar kome i snakk med politiet, som patruljerte i Os sentrum, då tiltalte prøvde å opna politibilen.

Ho fekk tilsnakk og blei bedt om tøma ut ølet ho hadde i ei open flaske. Den eine kameraten sa han skulle ornda dette, tok flaska og byrja å drikka.

Det var då politiet gjekk bort for å snakka med vedkomande at kvinna gjekk fysisk til verks.

Sparka og sprella

Kvinna tok løpefart og skubba den eine politibetjenten så han nesten ramla. Dette førte til at politiet tok kvinna med til arresten i Bergen, via legevakt.

Der byrja ho å rota med legen sitt utstyr og då ein politibetjent tok handa hennar for å hindra ho i dette, kom det første sparket.

Då dei skulle vidare til arresten nekta kvinna. Ho hylte og skreik og la seg ned på golvet. Frå golvet sparka ho politibetjenten fleire gongar.

Møtte ikkje i retten

Tiltalte, som besøkte Os frå eit nabofylke, møtte ikkje i retten.

Ho blei dømt til 30 dagar fengsel. Heile straffa blei gjort på vilkår med prøvetid på to år.

Kvinna må betala 1500 kroner i sakskostnadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.