Lokal | 05. okt. 2017

Smakfullt på Rice

Det var smakfullt både på og rundt tallerkenen då Rice inviterte til prøvemiddag onsdag.

Smakfullt på Rice
Lei og XiaoBo i prat med husvertane Knut Jarle og Espen Aspenes og to av leverandørane onsdag kveld (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 05. okt. 2017 07:15

Bildeserie:

Handverkarar og leverandørar fekk testa restauranten kvelden før opninga (foto: AH)
Handverkarar og leverandørar fekk testa restauranten kvelden før opninga (foto: AH)
1 av 1
Handverkarar og leverandørar fekk testa restauranten kvelden før opninga (foto: AH)

I dag opnar RIce Restaurant i Brugata. Onsdag kveld inviterte drivarane Lei Zhang og XiaoBo Wen, saman med husvertane Knut Jarle og Espen Aspenes handverkarar og samarbeidspartnarar til å testa restauranten og maten.

– Eg tykkjer det har gått greit. Vi ville ikkje laga ferdige rettar, men la gjestane få velgja frå menyen slik at det blei mest mogleg likt ein vanleg dag, fortalde Lei etter at dei 25 gjestane hadde fått testa maten.

God kontroll

Litt travelt blei det sjølvsagt, då 25 skulle ha mat og servering samstundes, men Lei og dottera hadde full kontroll. På kjøkenet hadde XiaoBo fått med seg nokre ekstra hender for å ta unna bestillingane.

– Vi har litt ekstra folk inne no i starten for å ta unna. Vi vil jo ikkje at folk skal venta for lenge, så får vi sjå korleis vi organiserar oss etterkvart som vi ser korleis osingane tek i mot oss.

– Eg tykkjer vi har hatt grei kontroll i dag. Det var greit å få denne gjennomkøyringa med gjester som vi kjenner, smilte Lei.

Bidreg til liv på øyro

At maten smakte var det liten tvil om. Eit godt utval av kinesiske retter sto på menyen, blant anna ei suppe frå Lei si heimplass, Shanghai.

Les òg: Ny restaurant nesten klar for opning

– Dette var veldig godt. Også tykkjer eg dei har fått det veldig stilreint og smakfullt her, kommenterte husvert Knut Jarle Aspenes.

– Det er ei stund sida det har vore kinarestaurant på Osøyro, så eg håper osingane vil ta godt i mot dei. Lei og XiaoBo er veldig dedikerte, både når det gjeld maten og interiøret. Lokalet har vore klart ein månads tid, men dei ville ikkje opna før absolutt alt var på plass.

– Det er kjekt at det er nye som vil satsa på Os og som har tru på Os sentrum. Dette blir eit godt bidrag til å skapa liv på øyro, konkluderte Aspenes.

Rice Restaurant har plass til omlag 45 gjestar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.