Sport | 02. nov. 2017

Smila er tilbake på Kuventræ

Håland og El Fakiri om nedrykket, tilbakemeldingane, rykte og spelestil.

Smila er tilbake på Kuventræ
Ørjan Håland og Hassan El Fakiri har byrja å få det tunge nedrykket litt på avstand. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. nov. 2017 11:24

I fjor gjorde Os, med 4. plass i 3. divisjon, sin beste sesong sidan 2009. I årets skjerpa 3. divisjon var dei mindre enn eitt minutt under streken og rykte ned. 0-1-tap for serievinnar Brattvåg er gjerne ikkje så gale, men å spela på resultat dei siste 8 minutta, å håpa at Stord ikkje gjekk frå 1-3 til 1-5 på 4 minutt, viste seg å vera feil.

Ei god veke har gått etter den dramatiske serieinnspurten, den feilslåtte strategien og det historiske nedrykket.

Kva gjekk gale? Kva kunne vore gjort betre? Korleis opplevde trenarteamet dagane etter skjebnekampen?

– Sidan eg ikkje bur i Os så har det berre vore folk i fotballnettverket mitt eg har diskutert kampen med, andre spelarar og trenarar, ikkje supporterar. Samtalane har stort sett handla om strategien vi valte, der dei sjølv seier dei ikkje veit kva dei ville gjort i ein liknande situasjon, seier avtroppande hovudtrenar for Os, Hassan El Fakiri.

Assistenten har fått tettare med tilbakemeldingar.

– Folk kjem bort til meg i butikken. Nokre er skuffa, andre er sinte. Eg har likevel opplevd det som fint, både at folk er engasjerte, og dette med å bli utfordra på det fotballfaglege, å diskutera strategi og situasjonen vi var i på slutten av kampen, seier Håland.

– Kunne fått fysisk juling

Då Os hamna under i 82. minutt sto det 1-3 mellom Haugesund 2 og Stord. Smertegrensa for Os, om 0-1 sto seg på Kuventræ, var 1-5 til Stord.

Kampen i Haugesund var 4-5 minutt framfor Os i speletid. Os valte å ta det med ro, å prøva å halda 0-1 kampen ut. Brattvåg, som etter pause hadde lagt om frå høgt press til å gå for kontringar, nekta å pressa.

– Då Brattvåg ikkje pressa blei vår strategi om å halda ballen i laget endå meir synleg, og vi fekk ei avslutting på kampen eg forstår var uvant å vera publikum til.

– Finnest det ikkje ein mellomting, at de kunne ha sikra bak og slått nokre ballar opp i forsøk på å utlikna?

– Vi kunne slått nokre ballar fram, og likevel spelt med minimal risiko. Der og då tok vi ikkje sjansen, blant anna fordi Brattvåg, som har heile 78-27 i målforskjell, er sterke på overgangar, og vi sjølv har sleppt inn mange mål på nettopp overgangar. Likevel burde vi ha våga litt, i staden for å våga ingenting, seier El Fakiri.

Etterpåklokskap er enklare enn å ta gode avgjerder mens det brenn.

– Hadde vi jaga utlikning og fått 0-2 i trynet, samtidig som Stord hadde vunne 1-4, så trur eg enkelte hadde vore rasande, kanskje til og med klare for å gje oss fysisk juling etter kamp, seier Ørjan.

– Os har sjølv sikra opprykk i sluttminutta, som mot Austevoll i 2009. Blei Stord si vilje og evne til å skåra, sjølve idrettspsykologien i slike avgjerande oppgjer, undervurdert.

– Tydelegvis. Det fekk vi jo sjå i 95. minutt i Haugesund. Vi hadde nokre minutt igjen, men det var ikkje nok.

– Trist rykte

Om Håland og El Fakiri ikkje har noko imot å diskutera strategien dei valte, er det eit anna tema som uroar trenarane.

Dei har fått inntrykk av at enkelte spekulerer i om Os sa seg nøgd med 0-1 fordi dei ikkje unna naboklubben, rivalen Lysekloster, å rykka opp. Lysekloster var avhengige av sjølv å slå Brann 2, noko dei gjorde, og at Os tok poeng frå Brattvåg.

– Om dette stemmer så synest eg det er trist. Om nokon i tillegg trur på dette, er det utruleg skuffande.

– Lysekloster var ikkje tema, verken før kamp, i pausen eller i innspurten. I pausen var vi glade for at vi hadde løfta oss i løpet av første omgang, og skapt mange sjansar. Som alle på tribunen såg gjekk vi ut for å halda fram i same spor i andre omgang. Det klarte vi, og vi var nær skåring fleire gongar før 0-1.

– Då det sto 0-1 var det ingen av oss på benken, eller på banen, som verken visste eller brydde oss om korleis det sto til med Brann 2 - Lysekloster, det einaste vi følgde med på var kampen til Stord, seier Håland.

– Men blir Lysekloster-suksess sett på som negativt av rivalen Os?

– Dei første åra etter at Lysekloster kom opp på same nivå som Os, og byrja å signera spelarar frå Kuventræ, også midt i sesongen, så var det eit uro-moment. Men kva divisjon dei er i ser ikkje eg lenger på som interessant for Os. Dei driv på eit eige nivå, både når det kjem til økonomi og spelarlogistikk. Vi konsentrerer oss om oss sjølv.

– Sjølv om lokaloppgjera framleis kan vera prega av kjensler og rivalisering, både blant publikum og spelarar, håper eg verkeleg at folk ikkje trur noko anna enn det som er fakta; det einaste vi brydde oss om i denne kampen var å berga plassen.

Vil justera - og trena hardare

Verken opprykk eller nedrykk blir avgjort på éin kamp. Os starta sesongen med uavgjort og to sigrar før dei tapte fire kampar på rad, mot fire av laga som landa på topp 6.

Etter siger over Lysekloster i haust kom 5 tap på 6 kampar før to uavgjorte mot to andrelag inn mot avsluttinga mot avdelingsvinnaren.

– Kva kunne vore gjort betre?

– Vi har sleppt inn for mange mål, og hatt for dårleg utteljing på sjansane våre, seier El Fakiri.

– Vi hadde skadeproblem i vinter og fleire av våre mest rutinerte spelarar byrja ikkje å trena før i mars. Den fysiske formen kunne vore betre, supplerer assistenten.

– Bergensavisen skreiv i sommar at Os ikkje er gode nok til å nå opp med den spelestilen som har vore dyrka dei siste åra. Er nedrykket eit bevis på dette?

– Nei, svarer Håland kontant.

– Vi er moden for nokre justeringar, ikkje minst defensivt. Men vi skaper enormt med sjansar.

Han legg til at spelestilen, som blir gjennomført ned til spelarar i barneskulealder, som triller ut bakfrå, tar raske, korte frispark og cornerar, både er utviklande, når kvar einaste spelar stadig kjem i utfordrande situasjonar, og at den tar tid før full effekt er synleg.

– No har klubben ein heil generasjon som både utvikler seg godt og blir drilla inn mot same fotball som A-laget speler. Blir dette endra på så startar klubben på null, etter tre år med god utvikling og fleire svært gode resultatet i ungdomsfotballen.

– Os Fotball går dessutan inn i vinteren med ein stor stall, fleire friske spelarar og høg motivasjon for opprykk i 2018.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.