
Snart slutt på freden
Som om dei har kalender går hjorten framleis ut på bakkane og beitar. I går møtte vi fire dyr på Skeie, ein liten flokk som visst skal vera faste gjestar på desse bakkane.
Kor lenge dei blir verande når datoen har passert 10. september gjenstår å sjå, Os Vest Hjortevald, det største valdet i Os kommune, felte 87 av 88 tildelte dyr førre sesong.
Totalt i Os blei det felt 145 av 156 tildelte dyr:
46 eldre hannar
36 eldre hodyr
12 1,5 år hann
17 1,5 år ho
17 hannkalvar
17 hokalvar
Året før, i 2008, blei det felt 109 av 116 tildelte.
Felt/tildelt i kvart hjortevald:
Os Vest: 87 av 88 (98,9%)
Austre Osbygda grunneigarlag: 33 av 34 (97,1%)
Øvredalen: 9 av 17 (52,9%)
Haugland: 8 av 8 (100%)
Gåssand: 4 av 4 (100%)
Moldegård: 2 av 2 (100%)
Kalvatræ: 1 av 2 (50%)
Tveit: 1 av 1 (100%)
Éin hjort per jeger
• På landsbasis var det ny fellingsrekord i fjor, i alt 37.700 hjortar blei felt i løpet av jakta, ei auke på 2.000 dyr frå året før.
• Av ei total fellingskvote på nærmare 51 000 dyr blei 74 prosent felt.
• Sogn og Fjordane er det største hjortefylket (11.600 av kvoten på 14.700 blei felt). I Hordaland blei det felt 7600 dyr.
• Kvinnherad i Hardanger (Hordaland) er kommunen der det blei felt flest dyr (1.184).
• Til saman 37.700 personar jakta hjort i jaktåret 2008/09, noko som er ei auke på 2.900 frå året før.
Kjelde: ssb.no/hjortejakt
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no