Lokal | 11. feb. 2018

Snart slutt på julestemninga

Tre gongar har desse lysa vore planlagt å bli tatt ned.

Snart slutt på julestemninga
Torsdag kveld fekk vi tilsendt dette lesarbildet. I morgon skal lysa, på fjerde forsøk, takast ned. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. feb. 2018 07:57

Etter fakkelfredag 1. desember med rundt 1000 deltakarar blei julelysa og julegrana i Os sentrum tente. Frå før hadde Osøyro fått nye gatelys under dei nye baldakinane, men både treet og lyslenkene er montasjar som skal ned igjen.

Grana blei ståande til over ein månad etter julaftan, men i slutten av januar blei det meste montert ned.

Før helga hang julelenkene i Telthuskvartalet framleis oppe.

– Vi fekk ikkje tatt desse i same slengen, då denne gata ikkje har omkøyringsveg og må takast på kveldstid, seier leiar i Os Sentrumsforening, William Lindborg.

Han er i pappapermisjon, men har tatt seg tid til å prøva å pakka vekk jula.

Skal ned måndag kveld

Målet var å demontera på kveldstid for nokre veker sidan, men har tre gongar blitt utsett.

– Avtalte kveldar har måtta avlysast grunna kraftig vind. Det var òg plan om å ta dei ned i førre veke, men då fekk eg influensa, og vi veit kor tøft det kan ramma oss menn, seier William med eit stort smil.

Lift er bestilt til ny tid, i morgon kveld (51. dag jul) er det fare for at siste rest av julepynten forsvinn for denne gong.

– Du vurderer ikkje å døypa dei om til «vinterlys», slik enkelte andre stadar har gjort? Så slepp folk å irritera seg over kor mykje pynt og kor lenge det er ekstra belysning i gatene?

– Det hadde kanskje vore noko, men i denne omgang skal dei i alle fall ned, lover Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.