Lokal | 20. jan. 2018

Snøen blir liggande til måndag

Melder skyfri himmel søndag - og regn frå måndag og ut veka.

Snøen blir liggande til måndag
Martha Nikkinen hadde snø til låret på veg til Linken torsdag. (Lesarbilde, foto: Janne Forstrønen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. jan. 2018 08:37

Måndag var det stiv kuling, høge bølgjer og regn i Os, så kom kuldegradar, snø og sol.

I låglandet er det godt nok til aking, i nokre av fjella i Os kan du gå tur i snø til låret. Og turvêret held seg fint gjennom helga.

Laurdag er det meldt opphaldsvêr, 3,5-4 m/s vind og -2 til +2 gradar.

Søndag er det meldt skyfri himmel, 1-2 minusgradar og 2-3 m/s vind.

• Sjå detaljert vêrvarsel for Osøyro på Pent.no

Måndag skal vindstyrken auka til 6-7 m/s, i tillegg er det meldt nedbør.

Tysdag skal temperaturen auka til 4-6 gradar. Deter meldt 4-6 gradar og regn til og med torsdag, så skal det bli kaldt og sol igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.