Lokal | 15. des. 2014

Snøkaos mellom Os og Bergen

Trafikken står fast over både Vallaheiane og Fanafjellet. Politiet ber folk ikkje køyra Fanafjellet.

Snøkaos mellom Os og Bergen
Vallaheiane i dag. (Lesarbilde, foto: Lars Petter Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. des. 2014 11:59

Den første snøen for sesongen kjem, uansett kor seint på hausten den dekker asfalten, alltid like brått på enkelte.

Trafikken på E39 over Vallaheiane står i skrivande stund bom fast.

– Det kjem nokre bilar ned på bysida av fjellet, men eg er usikker på om dette er bilar som har snudd eller om det er bilar som er dirigert forbi ein eventuell ulykkesstad, seier Lars Petter Grønvigh.

Han skulle frå Åsane heim til Os og måtte først snu grunna ulykke i Grimesvingane mellom Arna og Midttun. Så var det stopp på Vallaheiane.

– Der står det dessutan fleire vogntog i kø, så når dei har fått den eine på vegen kjem nok nokre av dei andre også til å slita trur han.

Også stopp over Fanafjellet

Også over Fanafjellet har det i dag vore stopp i trafikken grunna bilar som har problem på glatten.

Klokka 14 sendte politiet ut følgjande melding om Fanafjellet:

«Fanafjellet: Mange bilar som står fast på toppen av Fanafjellet grunna det glatte føret. Brøytebilen står fast på Fanasida.»

«Fanafjellet: Politiet anbefaler folk å IKKJE køyra over Fanafjellet. No. VTS er varsla»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.