Lokal | 16. apr. 2018

Snøret toler 7,9 kg - kveita vog 18,5 kg

Fiskelykka til Adrian Valle har ikkje snudd, men i dag måtte han kjempa hardt for å få fangsten om bord.

Snøret toler 7,9 kg - kveita vog 18,5 kg
Adrian Valle med kveita på 18,5 kilo - tatt på 0,15 mm snøre.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. apr. 2018 20:33

I mars fekk han ei lange på 20 kilo, i dag var Adrian Valle i utgangspunktet på fjorden for å fiska sei.

– Eg fekk så mykje sei i går at eg ville prøva igjen i dag, fortel Valle, som ikkje var nøgd med dagens fangst før på tampen av turen.

– I går fylte eg stampen på kort tid, i dag fekk eg berre tre sei.

Han sleppte sluken til botnen på 30-50 meters djupne og sveivde opp igjen.

Så fekk han noko tyngre på kroken.

– Så nervøs at eg nesten måtte spy

Med ein sluk på knappe 20 gram og 0,15 mm fireline (som toler 7,9 kg) var Adran varsam med å sveiva inn.

– Det er same snøre som eg bruker når eg fiskar ørret i fjellet. Det var vanskelegare enn å sveiva inn stor laks i Oselvo, synest den ivrige fiskaren.

Kampen tok 40 minutt.

Seks gongar måtte han sleppa den store fisken heilt ned til botnen for å unngå at han skulle ryka snøret, den sjette gongen etter å ha hatt den heilt ved skutesida på båten.

– Eg var berre to centimeter frå å få tatt han med kleppen, så gav han gass heilt ned til botnen. Snella gjekk varm, eg var så gira og nervøs etter å ha sett at det var ei kveit at eg heldt på å spy.

Men på sjette forsøk fekk han kveita om bord.

– Det er mi første kveite på stang, og den vog over 18,5 kilo, seier Valle nøgd.

• Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.